I ein lukka sesjon i det kurdiske parlamentet, ba president Barzani om ei lov som opnar for irakisk Kurdistan sin uavhengighet.

Nyhetsbyrået BasNews refererer deler av talen i tre punkt:

– Peshmerga won’t withdraw from Iraqi Disputed Regions.
– Told Maliki six months ago that Extremist Group were training in Western Mosul.
– The current crisis facing Iraq is the result of recent Maliki’s policies.

Den svært så autonome republikken er i dag underlagt dei irakiske myndigheitene i Baghdad, men etter at Islamic State (Tidlegare ISIS) overtok Mosul, har tanken om ein eigen stat fått bein å gå på. IS-framstøtey viste at det irakiske militæret ikkje klarte å forsvare nord-Irak, og fundamentet for staten kan ha forsvunne heilt.

Kurdiske styrkar kjempar no dagleg mot IS, og har for det meste holdt framstøtet deira i nord-Irak i sjakk.

Dagens vedtak i retning eit uavhengig Kurdistan i dagens nord-Irak, kjem òg etter at sjølvstyreområdet har klart å selje si eige olje utan godkjenning frå Baghdad. Via eit oljerøyr til tyrkiske Ceylan, har ein tankar lasta over olje i Israel. Ein annan tankar ligg i Middelhavet og ventar på ein kjøpar, vel vitande om at eit salg sender Kurdistan nærare ei uavhengighetserklæring.

Israel har allereie signalisert støtte til eit fritt Kurdistan. Dei er desperate etter ein alliert i regionen, og ser på kurdarane som ei moderat kraft. Ei israelsk anerkjenning av Kurdistan vil markere ytterlegare avstand til USA.

Tyrkia har sendt blanda signal om kva dei meiner om uavhengigheten. AKP-talsmannen Hüseyin Çelik, sa at Tyrkia var klar til å akseptere uavhengigheten, men dette har blitt motsagt av andre kjelder. Ein grunn for at Tyrkia kan støtte eit fritt Kurdistan, er at det vil skape ein buffer langs delar av si eige grense, mot meir ekstreme grupperingar. Det er likevel forventa at kurdarar i Tyrkia ønksjer å delta i ein slik stat, noko Tyrkia alltid har satt foten ned for tidlegare.

Gulf-statane kan vere tilbøyelege til å støtte eit fritt Kurdistan. Den irakiske statsministeren Nouri Al-Maliki har ført ein sekterisk politikk, på bekostning av det sunni-muslimske mindretalet i Irak. Dei sunni-muslimske Gulf-statane vil openbart vere redd for at Irak blir ein ny mektig shia-stat, på linje med Iran, og sidan kurdarane for det meste tilhøyrer sunni-Islam, kan dei fungere som ei motvekt.



Join the Conversation

Join the Conversation

2 comments

  1. Ein energi-hub i det fjerne | Tyrkisk politikk Svar

    […] denne pengebruken midt oppi utviklinga i irakisk Kurdistan, som Tyrkia hjelper på sin veg til å eksportere olje gjennom den tyrkiske havnebyen Ceylan. Frå tidlegare er det òg planlagt fleire internasjonale olje- og gassrøyr, som skal gå gjennom […]

  2. Relasjonskart for Midt-Austen | Tyrkisk politikk Svar

    […] skulle gjerne hatt med kurdarane i Irak med på kartet, sidan dei kan være svært nær å oppnå uavhengighet. I tillegg ville eg hatt med at forholdet mellom Tyrkia og ISIS nok ikkje har vore så dårleg som […]