Det spørsmålet eg får oftast når det kjem til denne nettsida, er kort og greit «kvifor Tyrkia?» Det er eigentleg vanskeleg å svare på, men her er eit forsøk.

(Geo)politisk interessant.
Alle som har sett på eit kart, kan fort finne mange grunnar til at Tyrkia er interessant å følgje med på. Tyrkia er eit svært viktig land for EU, NATO og USA, i deira møte med Midt-Austen. Landet er europeisk, men det er samtidig ikkje det. Det kulturelle fotavtrykket frå Midt-Austen er òg tydeleg.

Den politiske situasjonen er tilsynelatande tragikomisk på nokre områder, med unyanserte medier og stor boltreplass for konspirasjonsteoretikarar. Den er likevel svært fascinerande. Det er ikkje tilfeldig at Tyrkia har blitt ei solid økonomisk makt, og at dei har opplevd ei formidabel økonomisk vekst. Det er òg fascinerande å følgje med på korleis eit islamistisk parti har sørga for denne utviklinga, og samtidig bevart den sekulære staten.

Tyrkia er altså det landet i verda med høgast andel muslimske innbyggarar, men det er likevel meir sekulært enn det definitivt mindre religiøse Noreg.

Eit strålande reisemål
Tyrkia er meir enn berre ein region i Syden, sjølv om det er i (all-inclusive resorts) og rundt Antalya og Izmir at flest nordmenn har stifta kjennskap med landet. Istanbul er det mest naturlege reisemålet i landet, om ein vil ha noko anna enn strandliv. Det var favorittbyen min allereie før eg besøkte den for første gong, og inntrykket vart ikkje akkurat svekka etter å ha vore der.

På ein dag kan du fint besøke Hagia Sofia og Grand Bazaar i Sultanahmet, så ta båten til Asia for å ete lunsj, og deretter oppleve hovudgata İstiklâl på kveldstid. Du finn nok ikkje eit betre storbyliv, nokon stad.

Ei historisk perle
To store imperier har hatt hovudsete i dagens Tyrkia, og er ei historisk gullgruve. Nevnte Istanbul er full av kulturelle skattar, men det er jammen meg resten av landet òg. Staden der St. Nicholaus – inspirasjonen bak julenissen – ligg to timars køyring frå Antalya.

Gezi, 2013
Interessa for landet dukka først opp på ein chartertur som liten, der eg – sikkert av fråvêr av betre opplæring i kva ein sydenferie er for noko – klarte å lære det tyrkiske alfabetet og å telle til ti. Interessa for den politiske situasjonen kom først mange år seinare, spesielt i forbindelse med Den arabiske våren og studier i Midt-Austen-historie og islamisme ved UiB. Fascinasjonen for Midt-Austen vart då større, men det var Tyrkia som utpeikte seg som det mest interessante landet. Gezi-opptøya i 2013 sementerte den interessa, og eg begynte å lese meg opp på både historia og den politiske situasjonen i landet.

Resultatet er denne nettstaden.



Join the Conversation

Join the Conversation