Den nye regjeringa legg i dag fram si programerklæring for “Det nye Tyrkia”. Målet er gjenvalg i juni.

Kjernen i programmet er velkjente saker, som å fremje fred med kurdiske PKK, å få fart på EU-samtalane og rulle ut nye økonomireformar. Etter at programmet blir lest opp i dag, blir det debattert og stemt over i neste veke. Avstemninga fungerer som eit tillitsvotum i den tyrkiske parlamentarismen.

Kamp om statuar.
Fredsforhandlingane med PKK er pågåande, men våpenkvilen er skjør. 16. august vart ein statue av PKK-grunnleggaren Mahsum Korkmaz avduka i Diyarbakır, sør-aust i Tyrkia. To dagar seinare beordra ein domstol rivinga av statuen, noko som utløyste sinne blant PKK-venlege kurdarar.

Fleire statuar av Mustafa Kemal Atatürk har blitt øydelagd i protestane som fulgte. Ein soldat og ein demonstrant vart òg drepen.

Det er knytt stor spenning til om AKP klarar å holde fredssamtalane på sporet i tida framover. Den fengsla leiaren av PKK, Abdullah Öcalan, er venta å komme med ein uttalelse i dag, 1. september.

Det frosne EU-sporet.
Tyrkia sin veg inn i EU ser fortsatt ut som ein milelang veg. Dei første forsøka på å entre unionen kom i 1959, men no er det stagnasjon som beskriv prosessen best. For å bli medlem må ein forhandle fram avtalar på 33 kapittel, men per i dag er berre eit av dei lukka. Det er primært kva gjeld arbeidarrettar, bedriftsrettar og miljøvern at Tyrkia skil seg mest frå EU sine krav. Per i dag er 17 kapittel fryst, noko EU har brukt som sanksjon mot den urovekkande utviklinga kva demokratiet gjeld.

I tillegg til alle desse avtalane, må medlemslanda vere einstemmige i sin tilslutning til nye medlemmar. For Tyrkia sin del er Hellas spesielt skeptiske, med deira konflikt over Kypros. Fleire andre land er òg skeptiske til at Tyrkia, som ser ut til å bli det mest folkerike landet i Europa, skal bli medlem.

Volkan Bozkır er oppnevnt som ny EU-minister, og han har ei solid utanrikspolitisk og EU-fagleg bakgrunn. Han starta karriera si som visekonsul i Stuttgart, og har tidlegare vore statssekretær med ansvar for EU, men òg Tyrkia sin EU-ambassadør.

It’s the economy…
Når det gjeld økonomien, så er det uttalte målet at Tyrkia skal bli ein av dei ti største økonomiane innan 2023, men det er få detaljar om kva reformar ein vil jobbe for. I dag er Tyrkia verdas 17. største økonomi, åtte plassar framfor Noreg. Den økonomiske suksessen til Tyrkia det siste tiåret har vore bærebjelken i AKP-suksessen, men ytterlegare vekst er påkrevd for å takle den voldsomme urbaniseringa som landet opplever.

Sist, men ikkje minst, vil statsminister Davutoğlu nok tydeleggjere at han vil vere tøff mot den såkalla parallellstaten, som AKP meiner Gülen-røyrsla står bak. Her kan me venta ytterlegare kamp mot justis- og påtalemakta. 

13. juni 2015 vert parlamentsvalet avholdt. AKP ligg an til å vinne reint fleirtal for fjerde gong på fire forsøk.


round_logoFølg TyrkiskPolitikk.no på Facebook og Twitter.
Del gjerne med både venner og følgjarar. 


Bilete: Ahmed Davutoğlu og John Kerry, US State Department.



Join the Conversation

Join the Conversation