2014-10-25 14.15.32_Snapseed

At Tyrkia har ein brokete historie kva minoritetsrettar angår, er velkjent. Både kurdarar og aleviar, men også andre, har opp gjennom tidene blitt forfulgt av styresmaktene. Ikkje så rart då, at protestsongar har blitt ein så stor del av offentlegheita.

– Mange seier at protestsongane byrja på 70-talet i Tyrkia, for det er det me har lært, seier Nuray Yildirim Gullestad. – Det er feil. Laurdag holdt ho eit foredrag på Litteraturhuset i Bergen, om protestmusikkens historie i Tyrkia, i samband med Bergen Internasjonale Musikkfestival (BIMF) 2014.

Røttene til protestmusikken går minst tilbake til Pir Sultan Abdal, ein alevi, som levde frå 1480 til 1550. Han var ein poet som nekta å tilpasse seg styresmaktenes bod om å avslutte dyrkinga av Ali, Muhammed sin fetter og den kalifen som Shia-muslimane anser som den første. Sunni-Islam anerkjenner han som den fjerde kalifen.

Pir Sultan Abdal sine viser om alevi-trua, som ikkje passar inn verken i Shia- eller Sunni-Islam, gjorde han til ein upopulær mann blant styresmaktene, og han blei steina på ordre frå Hizir Pasha, guvernøren.

I moderne tider er det særskilt to hendingar som har forma protestsongane, og den moderne varianten av dei. Då den tyrkiske republikken vart oppretta i 1923, førte Mustafa Kemal Atatürk ein rask og brutal moderniseringspolitikk i Tyrkia. Religiøse plagg vart forbode, og kulturen skulle bli meir vestleg, til store protestar rundt om i landet.

Militærkuppet i 1980 førte òg med seg ei undertrykking av kulturuttrykk, og mange orkester, litterære verk og musikk vart forbode. Det var i denne perioden her at ei av dei største protestsangarane vart skapt. Selda Bagcan, som sa at Tyrkia ikkje liker venstreorienterte, spelte hovudsakleg vestleg orientert musikk frå 1971, men endra retning etter kuppet.  – Ho snudde seg mot Anatolia, mot der ho kom frå, forklarer Yildirim Gullestad.

Ho gjorde protestmusikken svært tilgjengeleg for folk, blant anna fordi ho brukte moderne instrument til dei tradisjonelle melodiane.

http://www.youtube.com/watch?v=bM10_kSFxvY

Ein annan stor artist var Ahmet Kaya, som Selda var læremeister for. Han kombinerte den svært folkelege Arabesque-sjangeren, som, slik namnet hintar om, speler på arabiske tonar, med tradisjonell musikk. – Arabesque er i utgangspunktet ikkje ein politisk sjanger, seier Yildirim Gullestad, men Kaya gjorde den til det. Han sang på tyrkisk fram til 1998, men annonserte då at han ville synge sin neste song på kurdisk. Sjølv om kurdisk hadde blitt eit lovleg språk i 1991, hadde han overvurdert tåleevna til samfunnet, og etter mykje hets flykta han til Frankrike og døydde kort tid etterpå.

Grup Yorum, som kort fortalt betyr “kommentargruppa”. – Dei oppfyller alle stereotypiane av dei venstreorienterte i Tyrkia, når dei marsjerer inn på scena kledd i geriljaklede, seier Yildirim Gullestad. I ein av deira songar syng dei “kom til fjellene”, som betyr å bli gerilja. – Fjella i Anatolia er ein stad som alltid har vore venlege med kurdarane.

Den siste gruppa som Nuray Yildirim Gullestad tok opp, er Kardes Türküler, som betyr brorskap av folkesongar. Dei deltok òg på slutten av møtet, og speler på musikkfestivalen. Kardes Türküler er ei gruppe som baserer seg på å knytte band mellom ulike folkegrupper. Fram til 1991, då bandet vart starta, hadde den tyrkiske fortellinga om at den kurdiske folkegruppa ikkje eksisterte kollapsa. Den folkelege oppslutninga om den kurdiske frigjeringssaka hadde begynt å få stor oppslutning, og ein såg òg kurdiske sjølvstyreområder i Nord-Irak.

– Gruppa har sin bakgrunn i akademia, og dei har tatt ein vitenskapeleg tilnærming til folkesongane. Dei har brukt sosiologiske og antropologiske metodar, forklarar Yildirim Gullestad. Ved å finne historiene bak folkesongane, har dei forsøkt å finne ut kor dei eigentleg kjem frå. Er dei samme songane både ein del av tyrkisk og kurdisk folkeminne, har dei valgt å synge desse songane på begge språk. – Dei seier at dei framfører protestsongar med empati, og med det meiner dei at dei ikkje berre skjeller ut styresmaktene, men dei bruker humor og språk for å protestere.

Gezi-demonstrasjonane i 2013 vart svært kjent for måten demonstrantane møtte uttalelsar frå styresmaktene med humoristiske svar. – Ein kunne òg sjå referansane til Pir Sultan Abdal i tekstane, slår Yildirim Gullestad fast.

Ein av songane deira frå Gezi-demonstrasjonane, viser kor kraftfull protestsongane er. Det er nokre viktige referansar ein bør ha klart for seg før ein ser videoen nedanfor. Når dei syng om at dei ikkje vil krysse den brua, så er det snakk om den tredje brua over Bosporos-stredet, som er under bygging. Ifølge demonstrantane raserer byggeprosjektet store landområder, og bygginga får katastrofale følger for miljøet. Den andre referansen er pingvinane i videoen. Då Gezi-demonstrasjonane stod på som verst, viste nemlig CNN Türk ein pingvindokumentar i staden for å vise faktiske nyheter. Songen er òg ein hyllest til husmødrene som demonstrerte ved å slå på panner og kar. At bakken er våt, betyr at makthavarane må trå varsomt, for å ikkje falle.

Vedat Yildirim, som er ein av dei som har vore med i orkesteret lengst, sa at dei ikkje har blitt fengsla eller sanksjonert, men at dei ikkje kan opptre kvar enn dei vil i Tyrkia. Dei får heller ikkje invitasjonar til offisielle arrangement, og populariteten deira har gått ned etter at dei begynte å synge om dei noverande makthavarane.

Han avslutta med å spørre forsamlinga: “Er dykk snille med samane?”



Join the Conversation

Join the Conversation