IMG_0089-0.PNG
I eit forsøk på å gjenopplive Tyrkias EU-prosess, reiser EU-minister Volkan Bozkır rundt i Europa for å samle støtte om Tyrkias nye EU-strategi. Onsdag møter han EU-minister Vidar Helgesen (H), skriv regjeringa i ei pressemelding.

Den nye EU-strategien, med det litt kuriøse filnamned «icing», skal tine det kjølege forholdet mellom EU og Tyrkia. Her gjentar EU-ministeriet mantraet om at EU-medlemsskap er det viktigaste moderniseringsprosjektet for Tyrkia, berre slått av sjølve grunnlegginga av republikken.

Dei skuldar på finanskrisa og det proteksjonistiske oppsvinget i Euro-sona som ein av hovudårsakene til stagnasjonen i EU-prosessen. Gezi-demonstrasjonane, internettlovgivninga eller korrupsjonsskandalen blir ikkje gitt plass her, men dei legg til grunn at EU er ein viktig drivar for demokratisering i Tyrkia.

Den nye EU-strategien skil seg frå tidlegare publikasjonar frå det tyrkiske EU-ministeriet, ved at dei ikkje søkjer å provosere EU. To gongar tidlegare har Tyrkia gitt ut eigne framgangsrapportar, som har blitt oppfatta som svar på EU-kommisjonen sine offisielle framgangsrapportar. EU-minister Bozkır har òg kritisert dei tidlegare rapportane, og slo fast at «Tyrkias eigne framgangsrapportar ikkje har hatt ein verdi for prosessen.» Det første, og viktigaste punktet i heile strategien, er, ifølge EU-ministeriet, å endre grunnlova som stammar frå militærkuppet i 1980.

Den tyrkiske EU-historia er svært lang, og vegen inn i EU ser fortsatt ut som ein milelang veg. Dei første forsøka på å entre unionen kom i 1959, men no er det stagnasjon som beskriv prosessen best. For å bli medlem må ein forhandle fram avtalar på 33 kapittel, men per i dag er berre eit av dei lukka. Det er primært kva gjeld arbeidarrettar, bedriftsrettar og miljøvern at Tyrkia skil seg mest frå EU sine krav. Per i dag er 18 kapittel fryst, noko EU har brukt som sanksjon mot den urovekkande utviklinga kva demokratiet gjeld.

I tillegg til alle desse avtalane, må medlemslanda vere einstemmige i sin tilslutning til nye medlemmar. For Tyrkia sin del er Hellas og Kypros spesielt skeptiske, med anna på grunn av konflikta over Nord-Kypros, som av Tyrkia er anerkjent som Den tyrkiske republikken Nord-Kypros. Det hjelper ikkje på dette forholdet at Tyrkia no driv med gassleiting utanfor kysten av den omstridde øya. Fleire andre land er òg skeptiske til at Tyrkia, som ser ut til å bli det mest folkerike landet i Europa, skal bli medlem. Eit slikt medlemsskap vil forskyve maktstrukturane i Brussel.



Join the Conversation

Join the Conversation