Etter 3 år utanfor konkurransen, vender Tyrkia tilbake til Eurovision i 2016.

Det har komt fleire forklaringar på kvifor Tyrkia ikkje lenger ville delta i Eurovision. Den offisielle forklaringa har vore det nye stemmesystemet, som gjorde at Tyrkia ikkje kvalifiserte seg til finalen for første gong. Konkurransen har òg fått heftig kritikk frå tyrkisk hold for si “homovenlege haldning.” Den statlege TV-kanalen TRT sendte ikkje songkonkurransen i 2013 og 2014. I 2013 var det kysset til dei to kvinnelege deltakarane frå Finland som var problemet; i 2014 var problemet Conchita Würst.

Det er likevel ikkje slik at Tyrkia har gått utan internasjonale songkonkurransar i mellomtida. Türkvizyon oppstod i 2013, som ein samling av artistar frå turkmenske områder i Aust-Europa og Sentral-Asia. Etablerte statar som Albania, Bosnia, Iran, Kviterussland, Tyskland og Tyrkia har deltatt, men regionar som Krim-halvøya, Tatarstan og Nord-Kypros har deltatt.

Deltakarane må enten vere frå tyrkiske land eller frå tyrkisk-språklege regionar. Vinnarane til no har vore Aserbajdsjan og Kazakhstan, sistnevnte med songen “Izin korem”.

https://youtube.com/watch?v=XN1Th-_oZc0

Songkonkurransen vart oppretta av TRT etter at Tyrkia gjekk ut av Eurovision, så det er usikkert kva som no skjer med Türkvizyon. Ein kan jo lure på om det var 15. plassen til Tyrkia i 2014, som gjorde beslutninga om å returnere til Eurovision lettare.



Join the Conversation

Join the Conversation