Tyrkia går til valurnene 7. juni. Her er ei automatisk oppdatert oversikt over utviklinga på meiningsmålingane. 

Kommentarar og artiklar om parlamentsvalet kan du lese her.

Les om kor tett valet er, og kva folk i Tyrkia fryktar. 

Trendar før valet.

[otw_shortcode_tabslayout tabs=”4″ tab_1_title=”AKP” tab_1_icon_url=”http://tyrkiskpolitikk.no/wp-content/uploads/2015/05/Skjermbilde-2015-05-13-kl.-15.02.28-e1431522466360-1.jpg” tab_1_content=”25. mai: Opplever ein nedadgåande trend, og vil mest sannsynleg tape terreng frå 2011-valet. Dei siste vekene har nedgangen flata ut, og partiet ligg an til omlag 43 % av stemmene. Det reine fleirtalet er usikkert, men AKP blir det største partiet.” tab_2_title=”CHP” tab_2_icon_url=”http://tyrkiskpolitikk.no/wp-content/uploads/2015/05/200px-Cumhuriyet_Halk_Partisi-e1431522480796-1.jpg” tab_2_content=”25. mai: Har lagt veldig stabilt, men opplever ein aukande tilslutning dei siste vekene. Blir nest største parti.” tab_3_title=”MHP” tab_3_icon_url=”http://tyrkiskpolitikk.no/wp-content/uploads/2015/05/225px-MHP_flag.svg_.png” tab_3_content=”25. mai: Opplevde ein stigande trend, som no er på veg i retur. men vil få fleire mandat enn i 2011.” tab_4_title=”HDP” tab_4_icon_url=”http://tyrkiskpolitikk.no/wp-content/uploads/2015/05/Skjermbilde-2015-05-13-kl.-15.02.08-e1431522454318-1.jpg” tab_4_content=”31. mai: Opplever ein stigande trend, men kjemper hardt mot sperregrensa. HDP vil få mellom 0 og 70 mandat avhengig av om dei passerer 10 % eller ikkje. Dei ligg og vakar rundt sperregrensa. Akkurat no er HDP på 9,90 % på det rullerande snittet.”][/otw_shortcode_tabslayout]

Målet AK Parti har satt seg er 400 representantar, men dei treng berre 276 for å ha reint fleirtal i nasjonalforsamlinga. 330 representantar gir makt til å sende grunnlovsendringar til folkeavrøysting, medan 367 representantar kan vedta grunnlovsendringar i parlamentet.

Det er brei semje i parlamentet om at grunnlova treng kraftig revidering; usemja går på kva endringane skal vere. AK Parti ønskjer å gjere Tyrkia til eit reint presidentielt system, og bytte ut dagens seremonielle presidentrolle med ein aktiv og mektig president.

Skjermbilde 2015-05-11 kl. 13.25.02

Sperregrensa på 10 % er absolutt; kjem ein under den blir ikkje partiet representert den neste perioden. HDP vakar rundt sperregrensa.

Uavhengige kandidatar kan stille til val og komme inn utan at dei har støtte frå 10 % av alle veljarane i heile Tyrkia. Det er slik pro-kurdiske HDP har vore representert i parlamentet til no.

Les meir om HDP sitt høge spel for å komme over sperregrensa her.

Oversikt over registrerte målingar

[iframe src=”https://docs.google.com/spreadsheets/d/1qel6M2lEqDR9Z4ZDWWUD7o2myyxC5bp2BksqcrctoDM/pubchart?oid=1922572517&format=interactive” width=”720″ height=”380″]

AKP er det moderat islamistiske, sosialt konservative regjeringspartiet. CHP er eit sosialdemokratisk og nasjonalistisk partiet. MHP er eit høgrenasjonalistisk parti. ANA er eit nystarta parti, som har brutt ut frå CHP. Dei er ikkje med på alle målingane. HDP er eit prokurdisk venstreparti. I parlamentsvalet i 2011 stilte dei berre med uavhengige kandidatar, på grunn av sperregrensa på 10 %, og er derfor oppført under “Andre” i det valet. I 2015 stiller dei på ordinær måte.

Du kan lese meir om dei politiske partia i Tyrkia her.



Join the Conversation

Join the Conversation