I går skreiv eg om Tyrkia sin mulige krig på fleire frontar. I natt opna det seg verkeleg, då Tyrkia bomba IS-posisjonar i Syria og PKK i Irak. Sistnevnte kan bli farlegast for Tyrkia. 

Flyforbodssona, med Mare avmerka i vest og Jarablus i aust.
Flyforbodssona, med Mare avmerka i vest og Jarablus i aust.

Tyrkia har med andre ord opna ein tofrontskrig utan å ha ei regjering. Koalisjonssamtalane i Ankara fortsetter, men det er ingenting som tyder på at landet får ei ny regjering med det første. Eit nyval i november eller desember blir nok råka av krigshandlingane som no utspeler seg mot IS og PKK, for det er vanskeleg å sjå for seg korleis dette ikkje skal spreie seg inn i Tyrkia.

IS-bombinga ser ut til å vere ein oppfølging av avtalen mellom Tyrkia og den USA-leia koalisjonen om ei flyforbodssone, som vart omtalt i går. Målet med denne sona er å skape ei IS-fri sone i området der den tyrkiske soldaten vart skutt frå. Det er eit nær 100 kilometer langt område som har blitt definert som flyforbodssone.

Når koalisjonen omtalar det som ei IS-fri sone, så er det for å understreke at dette ikkje er ein lignande aksjon som i Libya, der flyforbodssona var første steg i fellinga av Ghadaffi. Kjeldar til Hürriyet seier at det er først og fremst amerikanske fly som skal brukast for å oppretthalde sona. Tyrkiske fly skal ha ein mindre rolle. Det er syriske opprørarar knytt til Free Syrian Army som skal bevokte området på bakken når IS vert jaga ut.

Aktiv borgarkrig – igjen

Bombinga av PKK-basar i Nord-Irak betyr den definitive slutten på våpenkvila mellom partane. Åtaka var retta mot våpenlager, brakker og anna infrastruktur, ifølge myndigheitene. PKK var raske med å fastslå av våpenkvila vart brutt av Tyrkia.

Åtaka kjem etter at PKK tok på seg ansvaret for drapet på to politimenn i Şanlıurfa mandag. Fleire andre åtak har blitt utført mot politiet i regionen, men PKK har ikkje påtatt seg ansvaret for dei. PKK skuldar dei to politifolka for å ha samarbeidd med IS, medan tyrkiske myndigheiter skuldar PKK for å utnytte situasjonen som bombinga i Suruç har skapt.

Bombinga kan òg få ein innanrikspolitisk effekt. HDP, som står nært PKK har no to val: dei kan støtte PKK og risikere å miste støtte blant tyrkiske veljarar, eller dei kan ta avstand frå PKK og risikere å miste mange kurdiske veljarar til eit eventuelt nytt parti. Begge deler set HDP sin representasjon i parlamentet i fare, vis det blir nyval i haust.

Presidenten i KRG, som er dei kurdiske sjølvstyreområda i Irak, har ifølge den tyrkiske statsministeren sagt at luftangrepa mot PKK er legitime. Dette vert no tilbakevist av Barzani. Eit nyhetsbyrå som er pro-PYD (syrisk milits) påstår no at KDP (partiet til Barzani) er med på åtaka mot PKK.

Utviklinga der PKK har blitt bomba fører til ein del usikkerhet, men òg feilinformasjon. Det er observert påstandar i media om at Tyrkia bombar dei soldatane Noreg trener opp. Det er ikkje rett. Det er viktig å påpeike at Noreg ikkje trener opp PKK-soldatar. Alt tydar på at det berre er PKK som er utsett for angrep, og ikkje andre kurdiske militsar.

Vikør avkrefter dette sjølv på Twitter. Her har VG forenkla på feil måte.

VG har no retta saka. 

Bombinga av PKK kan bli farlegare for Tyrkia enn å bli dradd inn i ein direkte konfrontasjon med IS. I den krigen vil utsetje seg for fleire sjølvmordsangrep frå sympatisørar og IS-medlemmer som allereie er inne i Tyrkia. Mindre grupperingar kan òg overta bygningar og bruke det som basar for angrep på sivilbefolkning og militære. Ein fortsettelese av borgarkrigen mot PKK derimot, kan bli mykje verre. PKK har langt fleire sympatisørar i Tyrkia enn IS, og dei er betre organisert. Her kan store delar av sør-aust-Tyrkia bli råka av angrep. PKK har tidlegare benytta sjølvmordsbombarar, men dei har drept folk som jobbar i eller er medlemmer av viktige institusjonar, politiske parti med vidare. Dette er lenge sidan, og kva taktikk PKK vil benytte i ei ny aktiv konflikt er usikkert.

Det sikre er at det fort blir ei storskala konflikt, som igjen gjer kampen mot IS og bevoktinga av grensa farlegare.

Derfor er det vanskeleg å forstå kvifor Tyrkia går til det steget å bombe PKK-basar no, når dei har byrja å engasjere seg meir aktivt i kampen mot IS. Aggresjonen mellom Tyrkia og PKK har bygd seg opp over lang tid no, spesielt opp mot parlamentsvalet i juni. Fredsprosessen som starta i 2013 har heile tida vore skjør, og begge sider har vore misfornøyd med framgangen: Tyrkia ville at PKK skulle avvæpne seg sjølve, noko dei ikkje har gjort. PKK på si side meiner at Tyrkia har forlatt fredsprosessen for lenge sidan og skuldar regjeringa for å ha inntatt ei meir nasjonalistisk linje.

Ei tydeleg og langvarig kampanje mot IS – støtta av parlamentet – kunne ha roa ned situasjonen. I staden veljer Tyrkia å i direkte krig med PKK òg. 

Det er svært trist at den kurdiske fredsprosessen vert brutalt stoppa. Etter at HDP kom inn i parlamentet med eit rekordhøgt resultat, som òg var mykje betre enn forventa, var det håp om at det nye parlamentet ville presse på for framgang. Niesa til den fengsla PKK-leiaren, Dilek Öcalan, avsa sin ed i parlamentet i juni. Det var eit symbolsk sterkt øyeblikk, men det blir mest sannsynleg med håpet om fred.

Stor demonstrasjon laurdag

Den urolege situasjonen kjem til å påverke heile landet. Laurdag er det planlagt ein stor demonstrasjon i Istanbul. Den vil ikkje bli tillatt av myndigheitene. Forklaringa deira vil med all sannsynlegheit vere at det har blitt observert ein del væpna demonstrantar i Istanbul tidlegare denne veka. Det er ei bekymring som er reell, men neppe grunn til å forby heile marsjen. I tillegg er det neppe smart. Demonstrasjonen vil uansett samle svært mange menneske, som politiet kjem til å bruke vannkanonar, gummikuler og tåregass for å bekjempe.

Biletet av den tyrkiske staten i utlandet blir ikkje betre av det, og slike hendingar bidrar heller ikkje til å de-eskalere situasjonen. Når eit land er på bristepunktet, slik Tyrkia er, skulle ein tru at dei ville forsøke å roe ned. Det ser ikkje ut til å skje, til tross for at landet no plutseleg er med i to aktive krigar.



Join the Conversation

Join the Conversation