Det er grunn til å tru at åtaka mot PKK har ei – i det minste til dels – innanrikspolitisk grunngjeving, etter at AKP tapte fleirtalet i parlamentsvalet.

AKP tapte det reine fleirtalet, etter at det pro-kurdiske sosialistpartiet HDP – som har bånd til PKK – kom over sperregrensa.

I parlamentsvalet fekk HDP òg stemmer frå andre enn kurdarar. Desse kan no stå på spel, kanskje så tidleg som i vinter. Det ser nemlig ikkje ut til å vere stor framgang i koalisjonssamtalane, noko som kan bety nyval i november eller desember.

Ei måling utført av Gezici viser at 91,4 % av innbyggarane i Tyrkia er motstandar av ein invasjon av Syria. Sånn sett er det lite som tydar på at regjeringa har noko å tjene på å gjere nettopp det. Ved å angripe PKK endrar dette seg noko.

Parlamentsvalet skapte ein situasjon der eit pro-kurdisk parti for første gong vart representert i nasjonalforsamlinga. Det har skapt håp om betring i forholda for den kurdiske minoriteten i Tyrkia. HDP er eit moderat parti, som har vist seg å ha tru på ein demokratisk konsolideringsprosess og fredsforhandlingar. Når det no vert fleire og fleire aktive kamphandlingar mellom tyrkiske militære og PKK-krigarar, vert HDP pressa.

Lurar du på om det er trygt å reise til Tyrkia no? Les UD sitt reiseråd og landinfo

På den eine sida kan dei markere avstand til PKK, og dermed risikere å miste mange kurdiske veljarar som sympatiserer med geriljaen. Her er det verdt å påpeike at det ikkje gjeld alle kurdarar. Viss HDP ikkje gjer dette, kan ikkje-kurdiske HDP-veljarar lett forsvinne. Samtidig har AKP gjort seg meir populære hjå tyrkiske nasjonalistar. I sum kan dette bety at eit nyval kan føre til eit sterkare AKP og eit HDP som igjen må kjempe mot sperregrensa.

Det vil ikkje fredsprosessen ha godt av.

Det er òg rykter om at fleire høgtståande AKP-medlemmer ønskjer å forby HDP. MHP-leiar Devlet Bahceli har uttrykt støtte til å straffeforfølge dei som uttalar seg mot den tyrkiske PKK-offensiven, altså HDP. HDP-leiar Selahattin Demirtaş slår tilbake og kallar antydningane for fascime. – Politiske parti vert opna og lukka av folket.

Dette vil vere eit stort overgrep mot alle veljarane til HDP, eit stort steg tilbake for det tyrkiske demokratiet, men òg eit åtak på sitt eige parti sin historie. Både kurdiske og islamistiske parti har i alle år vert utsatt for å bli stengt av myndigheitene.

Oppdatert: President Erdogan seier at stenging av HDP ikkje er eit alternativ, men at dei som støtter terrororganisasjonar må miste immuniteten sin som parlamentarikarar.

Mange tyrkarar vil sjå på åtaka mot PKK som rettvise angrep, uavhengig av den parlamentariske situasjonen. Rett nok har ikkje Tyrkia bidratt til framgang i fredsprosessen på lenge, men det har òg vore mange væpna åtak frå PKK, som er på terrorlista til USA og EU. Anadolu Agency skriv at PKK har stått for over 2 000 åtak i Tyrkia til no i år. Det vil, som alltid, vere ein diskusjon om kven som braut våpenkvila først. Det er vanskeleg å ta stilling til, men antal åtak gjer det lett å forstå at tyrkiske veljarar kan ta avstand frå HDP når PKK har blitt ein aktiv fiende igjen. Det er òg legitimt å sjå på PKK som ein genuin trussel.

Tyrkia er sjølvsagt ikkje utan skuld i opptrappinga av konflikta, men tyrkiske overgrep mot kurdarar påverkar neppe tyrkiske veljarar like mykje.

Les heile artikkelen til Anadolu Agency her.
Les heile artikkelen til Anadolu Agency her.

PKK-kritikk frå kurdisk leiar

PKK får no kritikk frå KRG-president Barzani. Leiaren for det kurdiske sjølvstyreområdet i Nord-Irak seier dette, ifølge Rudaw:

“Many times we sent messages to the PKK to remain patient and wait, because the peace process takes time and is not an easy process. We told them that the killing of two policemen will not solve any problems with Turkey.”

“The best opportunity of recent times is solving issues through negotiation, election, education and the pen,”

Ifølge Daily Sabah kritiserer han PKK for å blande seg inn i andre kurdiske regionar.  Barzani og KRG har eit betre forhold til Tyrkia enn andre kurdiske grupperingar. Dei har med anna ordna forsøk på oljeeksport gjennom Tyrkia.

NATO-møte tirsdag

NATO ber Tyrkia om å forholde seg til proporsjonal respons mot PKK, og ikkje avspore heile fredsprosessen. Det er viktig å påpeike at morgondagens NATO-møte, som Tyrkia har bedt om, ikkje handlar om at Tyrkia har bedt om militær assistanse. Møtet er begrunna i NATO-pakta sin Artikkel 4, som omhandlar konsultasjonar. Den er mindre potent enn Artikkel 5, der det angripne medlemslandet ber om militær assistanse.

Det er femte gong i historia at Artikkel 4 har blitt tatt i bruk av eit NATO-land. Tyrkia har stått for fire av dei. Tre av desse har vore i forbindelse med krigen i Syria.



Join the Conversation

Join the Conversation