Radikalportal.no har publisert ei sak som med anna omhandlar norsk våpeneksport til Tyrkia. Den baserer seg på nokre grunnleggande feil.

Utan å gå inn i diskusjonen om det er rett og galt av Noreg å selje våpen til Tyrkia, så er det nokre feil i artikkelen som må rettast opp.

Her følger ein gjennomgang av avsnittet som omhandlar Tyrkia i artikkelen:

Et annet land Norge eksporterer store mengder våpen og ammunisjon til er vår NATO-allierte Tyrkia. Tyrkia har de siste månedene brukt kampen mot IS som argument for angrep på kurdiske organisasjoner og partier, og lokale menneskerettighetsorganisasjoner og Amnesty International har dokumentert at hundrevis av sivile er drept i disse angrepene.

Det er ikkje korrekt at Tyrkia bruker kampen mot IS som argument mot å kjempe mot PKK og YDG-H. Desse konfliktane vert ofte blanda saman, men Tyrkia-PKK-konflikta er mykje eldre enn konflikta med IS. Det er ein lang borgarkrig og fleire års fredsprosess som leiar opp til der ein er no.

I denne artikkelen skildrar eg korleis det står til i sør-aust-Tyrkia. Utgangspunktet for beleiringane av fleire kurdisk-dominerte byar er ei uavhengigheitserklæring som kom i august.

Sikkerhetsstyrkene er ansvarlige for utenomrettslige henrettelser, tortur og brudd på distinksjonsprinsippet som del av operasjonene i kurdiske områder. Norske våpen kan med andre ord ha blitt brukt i angrep på kurdiske grupperinger, som helt klart er i strid med grunnleggende internasjonale menneskerettigheter.

Dette er treffande, og påstandane som kjem fram her virkar sikre. Fortsettelsen av resonnementet, derimot, visar eit unyansert syn på konflikta:

Samtidig bidrar vi til opplæring av irakiske og kurdiske offiserer for å styrke deres evne til å bekjempe IS. Vi bidrar altså til myndighetenes kamp mot IS, og på samme tid utstyrer vi Tyrkia militært til å bekjempe kurdiske grupper som har vært blant de mest effektive i kampen mot IS. Det er et trist paradoks at Norge dermed er involvert i å holde konflikten i live på begge sider!

Dette er grunnleggande feil. Noreg bidrar ikkje til begge sider av denne konflikta. Noreg sel ikkje våpen til dei kurdiske grupperingane som Tyrkia kjempar mot i Tyrkia.

Kurdarane er nemlig ikkje samla i ei gruppering. Det er ei etnisk gruppe med interne politiske skilnader. I tillegg er den kurdiske befolkninga spreidd i fire forskjellige land. Kurdistan, som fleire grupperingar ønskjer å danne, har territorium i Tyrkia, Irak, Syria og Iran. Eg skal ta for meg dei tre første områda.

Desse ulike regionane har ulike syn på konflikta. PKK er eit kurdisk parti i Tyrkia, som har ei militær grein som kjempar mot tyrkiske militære. PKK har nære band til PYD, som er den dominerande kurdiske grupperinga i Syria. PYD er òg eit politisk parti, med sine militære greiner. PYD kjempar direkte mot IS i Syria.

I Irak er det KDP som er det dominerande partiet. Dei styrer den kurdiske sjølvstyremyndigheita i Nord-Irak, KRG. Den vart oppretta grunna flyforbodssona som vart påtvinga av USA – støtta av Tyrkia – under invasjonen av Irak i 2003. KRG har gode relasjonar til Tyrkia, sjølv om dei er den kurdiske eininga som er nærast å bli ein sjølvstendig stat.

Det er stor oljehandel mellom KRG og Tyrkia. Det er KRG sine peshmerga-styrkar Noreg driv våpentrening av. KRG kjempar òg direkte mot IS, blant anna frå den tyrkiske militærleiren i Bashiqa, utanfor Mosul.

Det bør snart vere slutt på at heile den kurdiske etniske grupperinga vert sausa saman når ein skal bidra til debatt. Det er ikkje vanskelegare enn at den kurdiske nasjonen har ulike politiske einingar i forskjellige land, slik som at Noreg skil seg frå Sverige, sjølv om dei fleste av oss tilhøyrer den gamle nord-germanske etnisiteten.



Join the Conversation

Join the Conversation

3 comments

  1. Fredrik Heldal Svar

    Vi er klar over at dette er en konflikt som går mange år bakover, og at en del kurdiske områder har vært preget av uro siden i sommer, da våpenhvilen mellom PKK og myndighetene brøt sammen. Det vi prøvde å formidle i artikkelen var det som har blitt påpekt av noen observatører, nemlig at Tyrkia er en del av den militære kampanjen mot IS, men har, med kampen mot IS som påskudd, intensivert offensiven mot kurdiske grupper. Når det gjelder Norges rolle prøvde vi å påpeke at samtidig som norske militære instruktører bidrar til å styrke lokale aktørers kamp mot IS, selger vi våpen til Tyrkia, og øker dermed deres militære evne til å angripe kurdiske grupper som også er involvert i kampen mot IS. Vår eksport av militært materiell kunne på denne måten bidra til å underminere den effekten vi søkte å oppnå gjennom å sende militære instruktører.

  2. Øyvind Heitmann Svar

    Hei Morten ! Kor har du det kartet øvst i artikkelen frå ? Eg meiner også eg har sett noko hos deg om dei “sjølvstyrte” kurdiske områda i Tyrkia, og tilogmed eit kart, med Istanbul ? No finn eg det ikkje att. Kan du hjelpa meg ?
    Mvh Øyvind Heitmann