41 drepne, 239 skadde. Det enorme terrorangrepet på Atatürk-flyplassen er frykteleg, og er ei ny påminning om at Tyrkia er konstant trua av terror.

Myndigheitene jobbar etter teorien om at det er terrorgruppa IS som står bak. Det er foreløpig ikkje avklart.

Eg får ikkje tid til å skrive mykje om terrorangrepet, men har kommentert det i fleire medier i dag. Her er nokre lenker til det eg har bidratt med i dekninga av terrorangrepet:

Foto: Ersen Çiçekli
Foto: Ersen Çiçekli

TV 2 Sumo-abonnentar kan sjå denne sendinga frå klokka 10:00 i dag, der eg deltok utover formiddagen. Til Dagbladet snakka eg mest om korleis livet kjem til å gå vidare i Tyrkia, fordi tyrkarane har blitt så vant til terror. Men normalsituasjonen er frykt. 

Til BT: – Flyplassen i Istanbul er et stort symbol for den tyrkiske staten, så det er et kraftig nederlag for myndighetene at den blir angrepet.

Til VG: – IS har en organisasjon i Tyrkia og det er rapportert at de har etablert seg i Tyrkia. Tyrkia har støttet grupperinger som kriger mot IS i flere år, og IS har angrepet mål i Tyrkia det siste året.

Ein lesar har sendt inn to bilete frå Atatürk-flyplassen, som viser skader på ein drosje. Bileta er tatt i dag, etter flyplassen er opna igjen. Innsendaren meiner at det er minst 150 kulehòl på bilen.

Det har etter kvart blitt vanleg at eg deler denne kronikken, som eg skreiv for VG tidlegare i år. Der skriv eg om maktkampen som svekka Tyrkia, og som kan vere årsaka til at fleire terroraksjonar vert vellukka.

Saka vil bli oppdatert med fleire medieklipp.