Denne helga annonserte guvernøren i Istanbul at neste helgs homoparade ikkje blir noko av. Årsaka er at myndigheitene ikkje kan garantere for tryggleiken. Både nasjonalistiske og islamistiske grupperingar har trua med vald viss myndigheitene lar paraden gå som planlagt. Årets parade er nemlig planlagt å gå under den muslimske høgtida Ramazan, noko som òg vart eit problem i fjor. Tidlegare har det ikkje vore noko problem at paraden har kollidert med fastehøgtida.

I ein demonstrasjon søndag, for LGBT-rettigheiter, brukte politiet gummikuler og tåregass.

Ramazan-relatert vald har råka andre enn LGBT-miljøet òg. Fredag kveld angreip ei stor gruppe med pøblar ein platebutikk i Istanbul, hovudsakleg fordi dei drakk under Ramazan. Arrangementet var ein fest i forbindelse med Radiohead sitt nye album. Seinare har dei tiltalte forklart at angrepet handla om at ein av dei på festen hadde fornærma kona hans. Alle tre som politiet hadde arrestert vart lauslatt i løpet av helga, og President Erdoğan fordømte rett og slett “begge sider” av hendinga.

Presidenten har på fleire måtar enn denne gjort seg (meir) kontroversiell i løpet av helga. I ein tale lova han å ta opp igjen planane om å bygge nokre osmanske militærbrakker der Gezi Park står i dag. I 2013 førte planane om å rive parken til fordel for kjøpesenter til omfattande demonstrasjonar, der så mange som sju millionar menneske deltok. Gezi Park er ei einsam grøn lunge i denne delen av Istanbul. Det vert spekulert i at presidenten ønskjer bråk rundt denne parken, kanskje for å dra merksemda vekk frå den absurde vitnemålsaka.

På søndag arrangerte opposisjonen i opposisjonspartiet MHP ekstraordinær kongress, med sikte på å bytte ut partileiaren med Meral Akşener. Forrige gong dei forsøkte dette vart dei hindra av opprørspoliti. Denne gongen lukkast 657 medlemmer å møtes til kongressen, og dei fekk endra partilovene slik at Devlet Bahçeli kan bli bytta ut på nok ein partikongress 10. juli. Lukkast dei med dette kan Erdoğan få seg ein seriøs utfordrar frå det høgrenasjonalistiske partiet.

Under Bahçeli si leiing har partiet sakka akterut, og står i fare for å havne under sperregrensa på 10 %. Dette til tross for at tyrkisk nasjonalisme har opplevd eit oppsving under kampane mot PKK-geriljaen. Havnar MHP under sperregrensa er vegen open for AKP sin supermajoritet.



Join the Conversation

Join the Conversation