Tyrkia opplever ein enorm turistflukt grunna terrorfrykt og konflikt med Russland. Myndigheitene bør utnytte nedgangen til å fase ut såkalla “all-inclusive”-hotell, meiner ei leiande reisebyråforeining. 

Til Hürriyet Daily News seier Başaran Ulusoy, presidenten i foreininga (TÜRSAB) at slike hotell hindrar nødvendig prisauke, til tross for høg inflasjon. Ulusoy seier vidare at antall “all-inclusive”-hotell må bli gradvis redusert.

– Dei legg ein dempar på inntektene til heile turistsektoren, seier han til avisa.

Såkalla “all-inclusive”-hotell er òg problematiske for nærmiljøet og det lokale næringslivet. Professor ved Markedshøyskolen, Runar Døving, sa dette til TV 2 i 2013: – I det vi kaller «Syden» er det ikke institusjoner, museer, kirker eller en offentlighet. Det eneste som er der er det kommersielle. Gateplanet skapes av turistene selv. Hvis turistene stenges inne, dør gatelivet på disse stedene.

Det er svært forståeleg at det ikkje finst gode grunnlag for restaurantar der det finst mange hotell der gjestane bruker alle pengane sine.

Det er krise i turistindustrien no. Fram til og med april i år hadde antal turistar blitt redusert med 16,5 % samanlikna med i fjor. Berre i april var nedgangen på 28 %. Antal russiske turistar har blitt redusert med heile 96 %,  og antal tyske turistar falt med omlag 30 % i årets fem første månader, samanlikna med i fjor. I 2015 var dette dei to største turistgruppene, som til saman bidrog med omlag 9 av 36 millionar reisande. Reiseselskapet Ving har kutta sin charterkapasitet frå omlag 60.000 til 21.000.

Det er for det meste terrorfrykt som vert oppgitt som årsaka til den voldsomme nedgangen. Tyrkia har blitt råka av ei rekkje terrorangrep i Istanbul og Ankara, og valden i sør-aust-Tyrkia har vor voldsom det siste halve året. Det er ikkje meldt om terrorangrep i andre store turistområder enn i Istanbul. Middelhavskysten har vore roleg, med unntak av nokre isolerte hendingar i til dømes Alanya. I tilfellet med dei russiske turistane har nok nedskytinga av det russiske flyet i november bidratt meir.

I sitt reiseråd for Tyrkia oppmodar Utanriksdepartementet om at ein benyttar reiseregistrering.no, slik at UD raskt kan ta kontakt om noko skulle skje. Samtidig har UD berre spesifikke åtvaringar mot å reise til sør-aust-Tyrkia, og særskilt grenseområdet mot Irak og Syria. Det er mange hundre kilometer unna turiststrendene.



Join the Conversation

Join the Conversation