Tusenvis tok til gatene for å demonstrere mot kuppforsøket, og for president Erdoğan. På Taksim-plassen sang dei om presidenten og ropte «Gud er stor».

Eg landa i Istanbul berre nokre timar før kuppforsøket var igang fredag kveld, og såg militærkjøretøya på Fatih Sultan Mehmet-brua. Den er òg kjent som den andre brua over Bosporosstredet som skiljer Europa frå Asia. Omlag 18 minutt etter at eg passerte brua stilte militærkjøretøya seg opp, og blokkerte den. Kuppet var igang. Det var seinare rapportert om skyting på den asiatiske sida av brua, der eg var nær ved å sitte fast.

Etter ei uroleg natt med lågtflygande jagarfly, som braut lydmuren nær hotellet mitt, roa det seg ned. Kuppforsøket skal ha vore nære med å lukkast, og kuppmakarane var berre få minutt unna å ta presidenten på hotellet han var på i Marmaris, sør i Tyrkia.

Tre kveldar seinare stod eg på Taksim-plassen, saman med TV2. Eg har holdt meg unna plassen på kveldstid, fordi eg er her åleine, men saman med andre folk følte eg meg trygg på å gå der. Her er nokre bilete og ein video frå scenene som utspant seg på Taksim.

P1030355
Foto: Morten Myksvoll
P1030348
Foto: Morten Myksvoll