Det største opposisjonspartiet i Tyrkia inviterte til ei massemønsting mot kuppforsøket på Taksim. Regjeringspartiet AKP deltok òg.

Det er første gong desse partia demonstrerer saman. I tillegg var det svært mange andre politiske grupperingar på plassen. Folk frå dei to andre partia i parlamentet, MHP og HDP, var òg til stades, saman med fleire andre grupper på venstresida.

«Bella Ciao», songen som runga over Taksim, er opprinneleg ein italiensk anti-fascistisk song. I Noreg er songen mest kjent som ein arbeidarsong, og den er svært populær på venstresida. Det er Grup Yorum som har oversatt den til tyrkisk. Bodskapen under markeringa var òg ein motstand mot det ein omtalar som eit fascistisk kupp. For å få eit inntrykk av kor ille kuppforsøket var, les gjerne oversetjinga av Istanbul-kuppmakarane sin Whatsapp-dialog.

Sjå video frå demonstrasjonen her, tilgjengeleg i 4K.  

Demonstrasjonen gjekk fredeleg for seg, og CHP-leiar Kemal Kılıçdaroğlu holdt ein appell. – Dette er dagen der me står saman, opp mot kupp og diktatoriske regimer, og det er ein dag der folket blir høyrd, sa han.

Det må ha vore langt over 100.000 menneske til stades på markeringa. Det viktigaste er derimot den unisone støtta dei politiske partia har vist til det parlamentariske systemet, og mot kuppforsøket. NRK og NTB har skrive om demonstrasjonen.

Alle foto: Morten Myksvoll