Erdoğan sitt Russland-besøk har fått mykje merksemd. – No vert Russland og Tyrkia, Putin og Erdoğan, vener igjen, vert det sagt. Det er nok å ta litt hardt i.

Det primære målet med statsbesøket har vore å gjenoppta dei diplomatiske forbindelsane mellom Tyrkia og Russland. I tillegg vil Tyrkia at Russland skal løfte sanksjonane som kom etter nedskytinga av SU-24-jagarflyet i november 2015. Desse sanksjonane har gått hardt utover tyrkisk industri og turistnæring. I tillegg har det stoppa eit atomkraftverk og eit gassrøyr. Besøket vert noko overdriven, som om Putin og Erdoğan plutseleg skal bli gode vener. Dette handlar mest om å reetablere det forholdet som var før november.

Når det skjer, så er det mange punkter der Russland og Tyrkia er ueinige. Dei kjem neppe til å få ei snarleg løysing, sjølv om Tyrkia er noko på gli i Syria-politikken. Sett vekk frå ueingheita om Assad-regimet si framtid, så er landa fortsatt uenige om ei rekkje Svartehavsspørsmål, om Krim-tartarane, om dei kurdiske grupperingane si rolle i Syria, og ikkje minst om Armenia versus Aserbajdsjan. For å nemne noko.

Når ein skriv at Tyrkia er på veg austover, og ser etter alternativ til NATO, så vert det ofte omtalt som om det er noko nytt. Tyrkia har lenge brukt sin posisjon i ytterkanten av alliansen – og det faktum at dei er det minst populære medlemmet – til å styrke sin posisjon. Om det har fungert er noko heilt anna. Faktum er at Tyrkia har lenge leika med tanken om å skaffe våpen frå til dømes Kina, og på den måten lagt press på USA og resten av alliansen.

Når det no vert meldt at Çavuşoğlu seier at Tyrkia kan sjå etter andre alternativ utanfor NATO, så må me sjå på det i den konteksten. Tyrkia speler “hard to get”. Kuppforsøket – og den tafatte responsen som Tyrkia opplever at Europa og USA har komt med – har opna døra for å lene seg mot Russland. Både politikarar og mange tyrkarar er genuint såra over at ingen statsleiar i EU eller NATO har besøkt Tyrkia etter kuppet. Samtidig er den anti-vestlege og -amerikanske haldninga som no spreier seg meir eit teikn på at myndigheitene vil få fokus vekk frå regjeringa sine tidlegare band til Gülen, enn at myndigheitene faktisk trur at vestlege makter stod bak eller støtta kuppet.

Det er ikkje noko nytt at Tyrkia utfordrar alliansen. At dei skulle tenkje seg å forlate den er derimot vanskeleg å ta alvorleg. Kor langt NATO er – eller bør vere – villeg til at Tyrkia går er noko heilt anna.

Ein av effektane av at Russland og Tyrkia no har gjenopptatt sin diplomatiske kontakt, er at Tyrkia kan fly i Syria, utan fare for å bli skutt ned. Utanriksministeren annonserte i dag at Tyrkia no vil ta ein meir aktiv rolle i lufta, i kampen mot IS. Til no har Tyrkia sitt bidrag vore İncirlikbasen, samt artilleriposisjonar og mobilisering langs grensa. Samtidig understreka Çavuşoğlu behovet for at Russland fokuserer sine luftangrep mot IS-områder. Denne kritikken er ikkje akkurat ny.