Skotet vart høyrd rundt heile verda, men attentatet mot den russiske ambassadøren var ikkje eit Sarajevo-øyeblikk.

Det var i 1914 at kronprins Franz Ferdinand vart drept på open gate i Sarajevo, ei hending som ofte blir omtalt som starten på den første verdskrigen. Då Andrey Karlov vart myrda av den 22 år gamle politimannen Mevlüt Mert Altıntaş, var det fleire på sosiale medier som greip til Sarajevo-referansen. Det er det ingen grunn til.

Både Tyrkia og Russland ser på attentatet som eit terrorangrep, eigna til å splitte dei to landa frå kvarandre. Dei har nyleg gjenopptatt normale forhold, etter at eit russisk jagarfly vart skutt ned av det tyrkiske luftforsvaret i november 2015. Normaliseringa kom på plass denne hausten.

Eit attentat mot ein ambassadør er sjølvsagt svært alvorleg, Russland har all grunn til å kritisere Tyrkia for manglande tryggleik. Altıntaş var ikkje på jobb denne kvelden, men ingen i vaktopplegget til Karlov reagerte på at han oppførte seg som ein del av vakthaldet. Det er derimot langt frå å ha svak tryggleik, til at Russland vil reagere overfor Tyrkia på ein slik måte at verdskrigsreferansar vert nødvendige.

Attentat mot ambassadørar er svært uvanlege. Sist gong dette skjedde i Tyrkia, skal ha vore i 1942, då Franz Van Papen frå Nazi-Tyskland vart forsøkt myrda. Russland har blitt invitert til å delta i etterforskinga av åtaket.

I tyrkiske medier, og ellers, verserer det mange rykter om kven som kan ha stått bak attentatet. Det einaste me veit er at Altıntaş skaut Karlov, og at han ropte ut ei melding om hemn for Aleppo. Alt anna blir spekulasjonar, og det er viktig å understreke ordbruken i dei følgjande avsnitta: “Mest sannsynleg” betyr ikkje at det er garantert. “Lite sannsynleg” betyr ikkje at det er utelukka.

Oppførselen til Altıntaş kan bety to ting: Det første, og kanskje mest sannsynlege, er at Altıntaş er ein såkalla “einsam ulv” som har handla heilt på eige hand, som ein protest mot Russland si krigføring i Syria. Viss målet var å få fokus på lidingane i Aleppo, kan dette attentatet virke heilt kontraproduktivt. Tyrkia har sidan normaliseringa med Russland vore mykje meir reserverte i sin kritikk av tilhøva i Aleppo, og i deira forsvar for dei syriske opprørarane.

Det andre uttalelsane til attentatmannen kan bety, er ei islamistisk kopling. Ordbruk som “Allahu Akhbar” og “jihad” vil av mange bli tolka som tydelege teikn på at mannen var religiøst radikalisert, altså ein jihadist. Det er ingen automatikk i det. Dette er rimeleg vanlege ord, og “jihad” har ei breiare betydning enn den me vert servert i nyheitssendingar. Å seie at “Gud er stor” er heller ikkje eit døme på radikal religiøs retorikk. Det er heilt ordinært. Om det så skulle vere radikal jihadisme som ligg til grunn for attentatet, så er det lite sannsynleg at terrorgruppa IS er involvert. Dei har ingenting med Aleppo å gjere. Det har derimot den tidlegare Al-Nusra-fronten, no med namnet Jabhat Fateh al-Sham.

JFS, som braut med Al-Qaeda i 2016, er ei radikal jihadistisk røyrsle, som kjempar mot Assad-regimet, Russland, Hezbollah, og Iran, i Aleppo. Dei er hovudårsaka til at den breiare Free Syrian Army har fått eit rykte som islamistisk i vesten.

Tyrkiske medier av den mest regjeringslojale typen, har allereie gitt “FETÖ” skulda for åtaket. Dette er eit akronym for Gülen-røyrsla. Basert på retorikken som vart brukt etter skytinga er dette lite sannsynleg, og skuldingar om Gülen-tilknytningar har blitt eit slags ritual i etterkant av store hendingar. Det er Gülenistar som er skulda for å stå bak kuppforsøket 15. juli, men akkurat det virkar i alle høve meir sannsynleg enn at Altıntaş var Gülenist.

Tyrkia, Russland, og Iran skal i dag møtast for å diskutere situasjonen i Syria, og særskilt Aleppo. Evakueringa frå det gjenståande opprørskontrollerte områda i Aust-Aleppo, der fleire titals tusen sivile antas å vere igjen er på agendaen. Det same er evakuering frå nokre regjeringskontrollerte områder, som er under beleiring frå opprørarane. Det er forventa at attentatet vert diskutert, i alle høve bilateralt, mellom Russland og Tyrkia på dette møtet. I alle høve vil det kunne påverke kva dei ulike landa, som står på to ulike sider i Syria-konflikta, landar på av konklusjonar. I eit intervju med NRK i dag tidleg, sa eg at Tyrkia kan oppføre seg meir underdanig Russland, i desse forhandlingane.

Det vil ikkje vere godt nytt for dei mange sivile som endå ikkje har komt seg ut av Aleppo.