SV-leiar Audun Lysbakken prøvde å møte den fengsla HDP-leiaren. Han vart nekta, og vil no foreslå at stortingsrepresentantar i Noreg adopterer kvar sin fengsla parlamentarikar. 

Demirtaş, og hans med-partileiar Figen Yüksekdağ, samt ni andre HDP-parlamentarikarar vart fengsla i november. Hundrevis av andre HDP-medlemmer, inkludert fleire parlamentarikarar, har blitt arrestert sidan den gong.  HDP-leiarane vart formelt fengsla for å ha unnlatt å møte opp til avhør, men den bakomforliggande årsaka er skuldingar om at HDP støttar terrorgruppa PKK. HDP er eit tyrkisk sosialistparti, med sterkt pro-kurdiske meiningar. Hundrevis av andre HDP-medlemmer, inkludert fleire parlamentarikarar, har blitt arrestert sidan den gong.

– Me vart invitert av HDP, men det var det svenske Vänsterpartiet som tok initiativ til turen, seier Lysbakken til Tyrkiskpolitikk.no.

Frå venstre: Pernille Skipper (danske Enhedslisten), Li Andersson (finske Vänsterforbundet), Jonas Sjöstedt (svenske Vänsterpartiet), og Audun Lysbakken (SV). Foto: Siri Gjørtz, SV.

Det var saman med Jonas Sjöstedt frå Vänsterpartiet, og leiarane for dei andre venstrepartia i Norden, Li Andersson og Pernille Skipper, at Lysbakken vitja Tyrkia. Lysbakken sitt mål var å møte den fengsla partileiaren Selhattin Demirtaş, som sit fengsla i Edirne.

– Me opplevde ingen problem på veg inn i Tyrkia, men Sjöstedt forsøkte å besøke Demirtaş sin medpartileiar, Yüksekdağ, og då opplevde han politiframferda som veldig aggressiv. Der me var dagen etterpå, i Edirne, var det mykje rolegare stemning, men me vart nekta å besøkje han.

Skjermdump, Twitter.

– Utanfor fengselet endte det opp med pressekonferanse begge dagane, og oppmøtet var forbausande bra, sjølv frå store tyrkiske medier. Budskapet vårt vart bragt ut, sjølv om me ikkje fekk møte Demirtaş.

– Dette er eit bodskap som HDP ellers har veldig vanskeleg for å få ut.

– Det å ha ein fungerande opposisjon er heilt sentralt i kva eit demokrati er for noko. Det er eit sterkt signal for den autoritære vendinga som no er i Tyrkia, at ein byrjar å arrestere parlamentarikarar.

– Når ein går gjennom anklagane, så er det heilt gjennomgåande anklagar som går på ting ein har sagt. Det er politikarar som vert fengsla på bakgrunn av det dei står for, seier Lysbakken.

Tyrkia har ei svært streng anti-terrorlov, som har ei svært vid tolkning av kva terrorpropaganda er.

– Det er sånn at, med denne lova, så vert det politiske bodskapet om fred og kurdiske rettigheiter vert oversatt til terrorstøtte, og støtte til PKK.

– Demirtaş er ein ganske ung mann, med to små døtre, og han sit isolert, seier Lysbakken.

To dagar etter at Lysbakken forsøkte å besøkje Demirtaş, fekk han hjartekrampe. Helsesituasjonen hans er usikker, og fekk først etter fleire dagar besøkje eit sjukehus utanfor fengselet.

Sidan 2015 har tyrkiske myndigheiter vore i ein stadig meir blodig militær kamp mot PKK, etter nokre år med våpenkvile og fredssamtalar. Det har òg vore ei rekkje terroråtak i Tyrkia, og fleire av desse har den PKK-relaterte grupperinga TAK tatt ansvar for. HDP har gjentatte gongar tatt avstand frå terroråtaka.

– Eg oppfatter HDP som at dei tar tydeleg avstand frå terror, og at dei har eit anna prosjekt enn PKK, seier Lysbakken. – Prosjektet til HDP er å bygge ei tyrkisk venstreside, og å kjempe for kurdarar sine rettigheiter.

– Uavhengig av kva ein måtte meine om HDP, så er det å stenge den demokratiske vegen til forandring noko som veldig fort kan auke konfliktnivået i Tyrkia.

HDP er, slik Lysbakken ser det heilt sentral i å finne ein fredeleg veg ut, på av den blodige konflikta, som har vart i meir enn 40 år.

– Viss HDP vert knust, så fryktar eg at håpet om ein parlamentarisk løysing av det kurdiske spørsmålet vil forsvinne.

– Det vil vere ein tragedie.

Noko av suksessen til HDP i 2015 var at dei klarte å smi ein allianse med tyrkisk venstreside, og dermed bli eit alternativ for tyrkiske venstreside.

– Det står no på spel, slår Lysbakken fast.

Tyrkia har, sidan det mislykka militærkuppet 15. juli, hatt unntakstilstand. Den har blitt brukt til å ta eit oppgjer med dei mistenkte kuppmakarane, med eit vidare nettverk av Gülenlojale folk, men òg grupper som ikkje hadde noko med kuppet å gjere.

– Alle krisene som landet står oppi no, gjer at regjeringa har fått moglegheit til å slå ned på den delen av opposisjonen dei ser på som mest plagsom.

Lysbakken er ikkje optimist med tanke på å presse den tyrkiske regjeringa til å løsne grepet, mot til dømes dei arresterte HDP-politikarane.

– På grunn av flyktningkrisa, valet av Trump, og vendinga mot det illiberale, så er presset mot leiarar som Erdoğan til å halde seg til liberale rettigheiter mykje mindre.

– Me fryktar spesielt at flyktningavtalen med EU gjer at Europa ikkje er villig til å presse Tyrkia hardt nok. Det er avgjerande at me ikkje bøyer oss for Tyrkia i frykt for at denne avtalen ryk.

SV-leiaren er forsåvidt nøgd med korleis norske styresmakter har kritisert situasjonen, men vil saman med dei andre nordiske venstrepartia ta initiativ til ein adopsjonskampanje, for å støtte dei fengsla politikarane.

– Eg vil sende brev til dei andre parlamentariske leiarane, for å be norske stortingsrepresentantar om å adoptere ein HDP-parlamentarikar kvar, for å følgje sakene deira, og for å spreie informasjon om situasjonen. Då skapet me litt beskyttelse, i den forstand at det i alle høve vert merksemd rundt myndigheitene sin arrestasjon av folkevalgte.

Lysbakken vil i tillegg fremje ein interpellasjon på Stortinget, for å gi nasjonalforsamlinga moglegheit til å diskutere menneskerettar i Tyrkia generelt, men òg HDP-parlamentarikarane sin situasjon spesielt. – Det er òg viktig at den norske regjeringa henvender seg til sine tyrkiske kollegar jamnleg om dette, og regjeringa må reagere like kraftig mot nye arrestasjonar av folkevalgte, som dei gjorde då Demirtaş og Yüksekdağ vart arrestert.