Ja eller Nei. Evet eller Hayır. 16. april går tyrkiske veljarar til urnene for å avgjere kva regime Tyrkia skal ha framover. Regjeringa har med støtte frå MHP lagt fram eit forslag som vil samle meir makt hjå President Erdoğan, og som vil avvikle det parlamentariske demokratiet. 

Les alle sakene om grunnlovsavstemminga 16. april her.Kategori: Grunnlovsavstemming 2017

[powr-tabs id=07f44a59_1490271623]

Tyrkiske meiningsmålingar er svært varierande i kvalitet, og det er vanskeleg å skilje seriøse institutt frå useriøse institutt. Dette er eit forsøk på å samle relevante meiningsmålingar, som både er open om talmaterialet sitt (antal respondentar, og som inkluderer usikre veljarar), men som òg framstår som seriøse og ikkje (for) partiorienterte. Reine partimålingar er utelukka. Det same gjeld målingar som ikkje opplyser antal respondentar eller kor mange som svarer “veit ikkje”. Dei ulike diagramma som vert presentert her vil bli fortløpande oppdatert. Det vert operert med eit glidande snitt, der dei siste fem målingane er med, samt to histogram som viser kor mange målingar som vise høvevis ja- og nei-sida med til dømes mellom 45 og 50 % oppslutning. Det er òg lagt ut eit spreiingsplot som viser alle målingane separat.