Det vert fokusert mykje på den urovekkjande utviklinga Erdoğan tar Tyrkia i, og det med rette. Det betyr at det vert brukt alt for lite tid på ein av dei underliggande forklaringane på kvifor han kan gjere det. 

Opposisjonen er rett og slett veldig upopulær. Nye tal frå Metropoll bekreftar det heile. La oss starte med Erdoğan sjølv. Han er ubestridt innad i AKP, med 91 % støtte. Ellers er det hjå uavhengige han scorer bra. Talet for MHP-veljarar er rimeleg likt med det som blir rapportert å vere deira andel som støttar grunnlovsavstemminga 16. april, ca 20 %. Det er for lågt for Erdoğan. Han har lagt jamnt på i underkant av 50 % oppslutning i fleire år, med unntak av perioden etter kuppforsøket i fjor.

Kva så med opposisjonsleiaren, om me kan kalle han det? Kemal Kılıçdaroğlu styrar eit parti med omlag 25 % oppslutning, men CHP-leiaren har berre støtte hjå omlag to tredjedelar av sine eigne veljarar. Det er inga oppside for Kılıçdaroğlu blant dei uavhengige: Berre 8 % av desse ser positivt på han. Kılıçdaroğlu sine dårlege tal er ein god del av forklaringa for kvifor Erdoğan kan styre slik han gjer. Det finst inga reell opposisjon, og ingen truar makta hans på demokratisk vis. Det ser akkurat no ikkje ut til at nokon kan avsetje AKP gjennom val. Då må dynamikken endre seg kraftig.

Det blir ikkje betre for Kılıçdaroğlu når me ser på MHP-leiaren sine tal. Han scorer faktisk betre, sjølv om han leier eit parti som er minst i parlamentet og som virkar politisk daudt. Dei har godtatt AKP sine grunnlovsforslag, og er årsaka til at folkeavstemminga kan bli avholdt no. Dette er upopulært i partiet, som har slitt med interne konflikter i fleire år. Det spissa seg til med ei leiarkonflikt i 2016, som vart slått ned på, med hjelp av AKP og det tyrkiske rettsapparatet. Det er difor ikkje så veldig overraskande at Bahçeli har støtte hjå like mange AKP- som MHP-veljarar. Det gjer at hans tal er omlag dobbelt så høge som partiet sin faktiske oppslutning er. MHP-leiaren har derimot dobbelt så stor støtte som CHP-leiaren blant dei uavhengige, så sjølv i det underbruket av AKP som MHP har blitt er det ei større oppside enn i Kılıçdaroğlu sitt republikanske folkeparti. AKP sin nasjonalistiske vending har definitivt  skada MHP, og det er ei reell fare for at dei hamnar under sperregrensa i neste val. I så tilfelle kan det bli endå vanskelegare å vippe AKP av trona, om det ikkje skulle dukke opp eit meir moderne sentrum-høgreparti, då.

Den siste partileiaren sit fengsla. Det er riktignok ein svakheit at Metropoll ikkje har publisert tal for den andre partileiaren, Figen Yüksekdağ, men berre holdt seg til den mannlege Selahattin Demirtaş. Demirtaş sine tal liknar på partiet sin oppslutning, og har ingen popularitet å snakke om utanfor eigne rekker. HDP er eit parti som er sterkt knytta til kampen for kurdiske rettigheiter, og blir sett på som eit kurdisk nasjonalistparti. Dei tre andre partia i parlamentet er alle knytta til tyrkisk nasjonalisme. For AKP sin del er dette ganske nytt. Det bidrar til at HDP vert holdt på utsida.