Ifølge meiningsmålingane går det mot ein klar siger til ja-sida i folkeavstemminga, som vert avholdt søndag 16. april. Ei kontrovers forårsaka av eit lesarbrev kan gjere valet svært spanande. 

I løpet av dei siste vekene har målingane blitt oppdatert på denne sida. Her har det lenge sett jamnt ut, men ja-sida har sett betring. Når det no er ein dag igjen til valet, har det blitt utarbeidd ei heilt ny samanstilling av målingane som er tatt opp i løpet av 2017. Her er kriteriet om “kanskje”-stemmer luka ut, slik at fleire målingar vert inkludert. Det er den største forskjellen frå den tidlegare oppstillinga. Det fører til meir ekstreme tal, og ein legg til grunn at “kanskje”-stemmene fordeler seg på same måten som resten av populasjonen. Konda, som berre er inne med ei måling på denne oversikten, har publisert mange i løpet av våren. Det er dessverre ikkje mogleg å finne tal på antal respondentar, unntatt på deira siste måling, og derfor har dei blitt luka ut. Dei opplyser om at deira målingar legg opp til ei valdeltaking på 90 %. I 2015 var valdeltakinga på 84 og 85 % i dei to parlamentsvala i høvevis juni og november.

Følg valkampen direkte her

Ser me på figur 1, er det lett å sjå at antalet meiningsmålingar har tatt seg kraftig opp mot slutten av valkampen. Som ein ser, er det berre ei måling i innspurten som viser nei-fleirtal. Dei jamnaste målingane er òg dei med færrast respondentar. I figur 2 ser me konsekvensen av dette. Det glidande snittet beveger seg klart i ja-retning.

Figur 1
Figur 2

Kan ja-sida likevel tape? I så tilfelle kan eit debattinnlegg skriven av Erdoğan-rådgjevaren Şükrü Karatepe ha skuld i det. Essayet handla om devolusjon, altså overføring av makt til lokale myndigheiter, og vart oppfatta som eit argument for føderalisme. Dette til tross for at føderalisme ikkje var nevnt, og at Karatepe kategorisk avviste det raskt etter at kontroversen oppstod. Erdoğan har sjølv avvist at Karatepe argumenterte for føderalisme, og seier sjølv at det ikkje er aktuelt.

Ein føderalstat er, som Tyskland eller USA, ein stat der delstatane har betydeleg makt. Motsetninga er, som Noreg og Tyrkia, sentralstyrte einingsstatar, der lokaldemokratiet er ein forlenga arm frå staten. Delstatane er delvis autonome, men ikkje sjølvstendige. I USA har til dømes kvar delstat si eiga grunnlov, og sitt eige rettssystem, og det er eit skarpt skilje mellom statleg og føderal (nasjonal) lovgjeving. Og ja, det er mogleg at dette kan skje i Tyrkia. Grunnlovsforslaget opnar for at presidenten kan etablere “statar”, gjennom ei endring av artikkel 123. Det er derimot ikkje så sannsynleg. Kvifor er folk så veldig mot dette?

Valkampen handlar om stemmene på høgresida. Det er i stor grad ein kamp om nasjonalistiske veljarar i MHP, og nasjonalistar er dei sterkaste motstandarane av føderalisme i Tyrkia. Dagens einingsstat er Atatürk sitt verk, og etablerte ei sterk sentralmakt i Ankara. Ein devolusjon, utdeling av makt til delstatar, vil bety kurdisk autonomi i sør-austlege Tyrkia. Der er den kurdiske befolkninga så sterk, at det er vanskeleg å sjå korleis dei ikkje skulle vinne makt i slike delstatar. Kurdisk sjølvstyre, eller antydningar om det, er svært upopulært blant tyrkiske nasjonalistar, og viss denne kontroversen får feste seg, kan lufta gå fullstendig ut av ja-bobla. Påstandane om føderalisme kan, derimot, overtyde kurdiske veljarar om at eit ja kan vere verdt det.

Erdoğan har forsøkt å kurtisere kurdiske veljarar før, og fram til 2015, då våpenkvila sprakk, var det mange som såg på han som den mest kurdiskvenlege statsministeren i historia. Under AKP vart til dømes kurdisk språk legalisert, og ein fekk bruke det i skulen. Mest betydningsfullt, derimot, var forsøket på fred med PKK, der det vart inngått ei våpenkvile. Då den sprakk var det lite igjen av Erdoğan si forsonande linje mot den kurdiske minoriteten, og heilt sidan hausten 2015 har det vore enorme militæroperasjonar mot PKK, som har lagt store byområder aude i sør-aust. Erdoğan har flørta med kurdiske veljarar, der mange nok er lei av at PKK militariserer byområda deira, og dette vert sett på med uro av nasjonalistane. Det er med andre ord ein vanskeleg balansegang som skjer no, for å vinne veljarar utan å tape for mange. Søndagen vil vise om Erdoğan klarte det.