Erdogan får meir makt. Det er overskrifta når grunnlovsforslaga vert presentert i kortform. Men kva ligg eigentleg i reformforslaget? Her er ein gjennomgang av endringsforslaga. 

Når ein les gjennom endringane kan det fort virke som om grunnlovsavstemminga ikkje er så dramatisk. Det virkar rett og slett ikkje som det skjer ei enorm maktsamling. Men det er likevel tilfellet. Tyrkia er i ein tilstand der maktfordelinga allereie er svak, og spesielt domstolane står svakt opp mot presidenten og parlamentet. Samtidig veit me at sperregrensa på 10 % set strukturelle hinder i veg for maktskifte i Tyrkia, noko som gjer ei slik samling av makt endå meir problematisk. Grunnlovsendringa som er foreslått i Tyrkia, og som vert avgjort 16. april, hadde neppe vore så problematiske viss dei vart foreslått i Storbritannia, men Tyrkia er i ein heilt anna kontekst. Og det er i Tyrkia sin kontekst ein må forstår forslaga.

  1. Artikkel 9: Dagens lovtekst slår fast at domstolane skal vere uavhengige. Endringsforslaget legg til at dei skal vere “objektive”.
  2. Artikkel 75: Antal seter i parlamentet vert auka frå 550 til 600.
  3. Artikkel 76: Aldersgrensa for valbarheit vert senka frå 25 år til 18 år, og det er ikkje lenger stilt krav om fullført militærtjeneste for å stille til val. Det vil ikkje vere lovleg å stille til val så lenge ein har ein relasjon til militæret.
  4. Artikkel 77: Valperioden for parlamentet vert utvida, frå fire til fem år. På denne måten vert parlamentsperioden lik presidentperioden, og framover skal desse to vala avholdast samtidig. Presidentvalet vert avholdt i to valomgangar, viss ikkje ein kandidat får meir enn 50 % av stemmene i første omgang.
  5. Artikkel 87: Artikkelen slår fast arbeidsoppgåvene til parlamentet. Den viktigaste endringa her er at det ikkje står eksplisitt at parlamentet skal kontrollere den utøvande makta. Det kan likevel tolkast som ein del av den implisitte makta.
    Artikkel 89: Parlamentet kan overkøyre eit presidentielt veto med 301 stemmer. Her er overkøyringsmekanismen lettare enn i til dømes den amerikanske kongressen, der begge husa må ha to tredjedels fleirtal for å overkøyre presidenten.
  6. Artikkel 98: Parlamentet sin kontrollfunksjon mot den utøvande makta vert delt inn i følgjande kategoriar: Parlamentarisk undersøking, parlamentarisk etterforsking, generell diskusjon, og skriftelege spørsmål. Interpellasjonsinstituttet vert avskaffa. Moglegheita til å uttrykkje parlamentarisk misnøye vert fjerna.
  7. Artikkel 101: For å kvalifisere som presidentkandidat må ein få støtta til eit parti med meir enn 5 % oppslutning i forrige parlamentsval, og ein må ha støtta til 100.000 veljarar. I dag er grensa strengare. Presidenten kan, viss dette blir vedtatt, vere medlem av eit politisk parti. Det ser ut til at kravet om at presidentkandidaten må ha høgare utdanning vert fjerna.
  8. Artikkel 104: Slår fast at presidenten er både stats- og regjeringsoverhovud, og at han kan styre med dekret. Viss parlamentet vedtar noko på det same området som dekretet dekkar, så vert parlamentet sitt vedtak gjeldande.
  9. Artikkel 105: Parlamentarisk etterforsking krever 301 stemmer for igangsetting. Det vert stilt krav om 400 stemmer for å vedta mistillit mot presidenten.
  10. Artikkel 106: Opnar for at presidenten kan velje ein eller fleire visepresidentar, etter modell frå dagens ordning med ein eller fleire visestatsministrar. Artikkelen slår fast at det skal utlysast nyval innan eitt år viss presidenten går av. Viss eit slikt nyval skjer meir enn eitt år frå det er planlagt parlaments- og presidentval, så vert det avholdt presidentval åleine. Denne valperioden vil då ikkje telje på to-periodersgrensa som er etablert.
  11. Artikkel 116: Presidenten og 3/5 av parlamentet kan utlyse nyval. Når ein utlyser nyval oppløyser ein samtidig sin eigen posisjon som høvevis president og parlament.
  12. Artikkel 119: Presidenten får makt til å utlyse unntakstilstand i opptil seks månader, som skal godkjennast av parlamentet.
    Artikkel 125: Presidenten sine handlingar vert no underlagt domstolen sin prøvingsrett.
  13. Artikkel 142: Systemet med militærdomstolar vert avskaffa, med unntak av disiplinærsaker.
    Artikkel 146: Endringar i samansetninga av grunnlovsdomstolen, som følgje av nedlegginga av militærdomstolane. Grunnlovsdomstolen vert redusert frå 17 til 15 dommarar. Presidenten skal utnemne 12 av 15 dommarar; resten er opp til parlamentet.
  14. Artikkel 159: Enorme endringar i HSYK, som er eit kontrollorgan for domstolane. Antalet medlemmer i HSYK vert redusert frå 22 til 13 (Vart auka frå 7 i 2010). Fire av medlemmene skal utnemnast av presidenten, og sju vert oppnevnt av parlamentet. I tillegg møter justisministeren og visejustisministeren. Presidenten vil difor ha ansvar for seks av medlemmene. Dei parlamentsoppnevnte medlemmene må oppnå 400 stemmer (2/3) for å bli valgt.
  15. Artikkel 161: Presidenten overtar statsrådane si makt til å levere budsjett, og parlamentet si makt til å endre utgiftspostar vert redusert.
  16. Oppfølgingsendringar som følge av at statsministeriet vert oppheva og oppgåvene vert overført til presidenten. Referansar til regjeringa vert fjerna.
  17. Grunnlovsforslaget slår fast at det neste parlamentsvalet skal vere 3. november 2019.