Tyrkiskpolitikk.no møtte europaparlamentarikar Marietje Schaake på Oslo Freedom Forum. Ho kritiserer utviklinga i Tyrkia, men òg retninga EU er på veg i når det gjeld handteringa av landet. 

Schaake, som er medlem av det nederlandske liberale partiet D66, har jobba mykje med menneskerettigheitssituasjonen i Tyrkia. Ho har lenge uttalt seg sterkt kritisk til retninga landet tar, som ho meiner drar landet vekk frå Europa, og vekk frå grunnleggjande demokratiske prinsipp.

– Eg bekymrer meg veldig for nedgangen i demokrati, i respekten for fundamentale fridomar, og det har eg vore lenge, seier ho. – Både det forferdelege kuppforsøket, men òg den nylege grunnlovsavstemminga, har gjort eit allerede djupt polarisert samfunn endå meir splitta.

Unntakstilstanden har blitt ein hevnmekanisme

Måndag uttalte president Erdoğan at myndigheitene ville fortsette å fornye unntakstilstanden fram til landet oppnåd “fred og velferd”. Unntakstilstanden vart innført etter det mislukka militærkuppet i juli 2016, og har gjort det mogleg for myndigheitene å slå hardt ned på alle dei meiner er knytt til Gülen-røyrsla som er mistenkt for å stå bak kuppet. Utrenskingane frå offentlege etatar, universitet, og media har òg råka andre regimekritikarar, primært dei som er skulda for å støtte terrorgruppa PKK.

Schaake ser på unntakstilstanden som ei slags hevnmekanisme for å råke myndigheitene sin tidlegare allierte, nemleg Gülen-røyrsla.

– Dei som forsøkte å overta makta i Tyrkia med bruk av våpenmakt skal straffast, men det me ser blir brukt mot opposisjonelle no er absolutt uproporsjonalt, og er grunnlag for stor bekymring, fortsetter ho. – Det me ser no er repressive tiltak, ikkje målretta tiltak for å holde dei faktisk ansvarlege til ansvar.

– Viss ei betring av forholdet var målet, i EU si handtering av kuppet, så gjekk det openbart ikkje så bra, seier ho. Ho vil likevel ikkje gå med på at EU var seint ute med å fordømme kuppet. – Eg såg EU sin høgrepresentant Federica Mogherini fordømme kuppet i løpet av natta. Eg fulgte med på kuppet via sosiale medier i løpet av natta, men for dei aller fleste i Europa, så såg dei ikkje dybden i kuppforsøket før om morgonen, samtidig som dei fekk vite at kuppforsøket var mislukka.

– Kuppforsøket rakk rett og slett ikkje å nå folk i Europa på same måte som det gjorde på folk i Tyrkia. Det burde ha vore eit sterkare svar frå EU i etterkant av kuppforsøket, men det at det gjekk som det gjekk, er eit bevis på kor dårleg forholdet er mellom EU og Tyrkia, og kor lite tillit det er igjen i det forholdet.

EU har forhandla vekk innflytelsen sin

På spørsmål om kva EU kan gjere, svarar EU-parlamentarikaren følgjande: – Eg hatar å seie dette, men det er dessverre slik at EU ikkje har så stor innflytelse no. Med flyktningavtalen gav me vekk det meste av våre forhandlingskort. Det viktigaste er at unionen holder seg til prinsippa sine, men det vert vanskeleg, sidan nokre av dei prinsippa vart forhandla vekk for å få flyktningavtalen i hamn.

Viss grunnlovsendringane, som vart stemt gjennom med knapt fleirtal, vert implementert, så seier Schaake at det er eit direkte brott på København-kriteria, som er retningslinjene for den tyrkiske prosessen mot EU-medlemsskap.

– Eg fryktar at president Erdoğan og EU-kommisjonen sakte men sikkert utviklar ein delt agenda, som ikkje handlar om å oppfylle medlemsskapskriteria, men der målet er å halde flyktningavtalen intakt, på å betre økonomien, på tryggleikspolitikk, og handel, men der menneskerettar og rettsstatsprinsipp vert nedprioritert.

– Menneskerettar og rettsstaten er sjølve essensen av det me burde fokusere på i forholdet til Tyrkia, men det kan bli feid under teppet.

Dette kallar Schaake eit transaksjonsforhold, og ikkje eit forhold basert på EU sine grunnleggjande prinsipp. – Me skuldar dei nær 50 % av den tyrkiske befolkninga som stemte “nei” i april, å fortsette å kjempe demokratiske rettigheiter.

Visumfridom uaktuelt no

På spørsmål om visumfridomen – som vart forhandla fram som ein del av flyktningavtalen – er aktuell, er Schaake klar. – Nei. Det at anti-terror-lova ikkje har blitt reformert, slik me avtalte i 2013, samt forlenginga av unntakstilstanden, gjer det endå vanskelegare å nå dei kriteria som ein har avtalt tidlegare. Tiltaket er på bordet, men det ligg fryst fast på bordet.

Ein kompliserande faktor for Tyrkia sitt forhold til EU, er at Tyrkia har blitt meir og meir ein del av EU-landa sin innanrikspolitiske debatt. Ho trekk fram situasjonen i Nederland, der to tyrkiske statsrådar utfordra den nederlandske regjeringa si beslutning om å nekte dei å drive valkamp, men spesielt retorikken til Erdoğan:

– Det at nederlandske folk vert omtalt som nazistar, eller påstandar om at Nederland stod bak folkemordet i Srebrenica, er fullstendig uakseptabelt. Og så høyrer me, ei veke seinare, Erdogan seie at EU-prosessen fortsatt er ein prioritet.

Schaake meiner òg at polariseringa ein ser i Tyrkia spreier seg til andre land, og påvirker interne forhold, som igjen gjer forholdet mellom Tyrkia og Europa vanskelegare. – Det har blitt ei større spaning, i europeiske land, mellom ulike etniske og religiøse grupper med røtter frå Tyrkia, som det aleviske miljøet, kurdarane, samt pro-Erdoğan-grupper.

– Fleire og fleire folk er lei av ulike typar for provokasjonar og bråk som stammar frå konfliktar i Tyrkia, og det gjer tanken om visum-liberalisering svært vanskeleg no.

Ønskjetenking er øydeleggjande

Ein moglegheit som har blitt lufta, er at sidan Erdoğan no vant grunnlovsavstemminga 16. april, så kan det vere starten på ei normalisering av forholdet mellom Tyrkia og EU. Rasjonalet er at Erdoğan ikkje lenger treng å føre den mest nasjonalistiske og anti-Europeiske retorikken lenger. Schaake avviser det som ønksjetenking:

– Eg skulle ønskje at me kunne snakke om dette, og at det kunne stemme, for det er ekstremt viktig for Europa å få Tyrkia tilbake på eit betre spor, men sjølvsagt endå viktigare for tyrkarane sjølv. Dette narrativet om at ting skal gå tilbake til normalt no, er lite realistiske, og neppe konstruktive.

– Ingenting hadde vore betre enn om me fekk ein ny energi inn i samtalene og forholdet mellom Tyrkia og EU, men det hjelper ikkje å gjenta det 100 gongar viss det ikkje betyr noko. Det samme skjedde i flyktningavtalen, og mange trudde at den skulle føre til ei betring i forholdet. Å berre seie det, gjer det ikkje sant.