Filmen følgjer sju kattar, og menneska i liva deira. Den er eit sjarmerande innblikk i livet til nokre av dei fleire hundretusen kattane i Istanbul. 

Kven blir din favoritt? Den kjærlege Bengü? Kanskje Duman, som berre vil ha det beste av mat, og som får det, på delikatesseforretninga han vankar på? Eller Psikopat, med det litt sjølvforklarande lynnet?

Som ein ivrig katte- og Istanbul-elskar er det lett å like denne filmen. Det er eit slags kjærleiksbrev til ein unik og fantastisk by, men òg til alle kattane som bur der. Filmen er eit levande postkort, og det er lett å kjenne seg igjen i gatene der kattane vankar. Produsentane har nemleg holdt seg til dei mest sentrale delane av Istanbul. Eg er forøvrig heilt sikker på at eg har møtt på ein av kattane sjølv, den som står inne i den klassiske Tünel-bana. Heilt sikker.

Filmen er på ingen måte ein dokumentar om korleis det er å vere katt på godt og vondt. Ja, det tas opp ein del forhold som er problematiske for kattane i byen, som den voldsomme urbaniseringa og den hensynslause fjerninga av sentrale grøntområder. Under overflata er ikkje alt like koseleg som filmen får det til å framstå som. Men, den fangar kattane som filmen følgjer godt, og den fortel ei historie som fungerer svært godt som ein introduksjon. Samtidig, dei store helsemessige utfordringane (for kattane) ved at det bur fleire hundretusen av dei i denne millionbyen, er rimeleg sjølvforklarande.

Sidan kattane ikkje kan snakke, er det menneska som matar dei, kosar dei, og av og til husar dei, som fortel historia deira. Filmen gjer det godt på det estetiske, men det finaste med filmen er kanskje historiane. Fleire av dei som er med i filmen, snakkar om korleis det å ta vare på kattar hjalp dei gjennom ei vanskeleg tid i livet deira. Folk som har opplevd sorg, tap, eller liding, veit at ansvaret ein har med ein katt ikkje endrar seg. Me kan sjølvsagt diskutere om katten veit kva som foregår med deg, og om den kan fungere som trøyst. Men me veit at behova til dyret ikkje endrar seg, uavhengig av det ansvarlege mennesket sin tilstand. Det er ein slags normalitet over det heile, som fleire i filmen òg ser ut til å ha nytt godt av.

Filmen er no tilgjengeleg i Noreg, via Youtube Red. Den kostar 79 kroner.