For første gong sidan august 2015, så aukar turisttrafikken til Tyrkia samanlikna med fjoråret. Turismen frå Noreg er fortsatt i fritt fall. 

Det viser nye tal frå kultur- og turistdepartementet i Tyrkia. Den voldsomme nedgangen i turisme kom etter at Tyrkia skaut ned eit russisk jagarfly i november 2015. Samtidig bidrog stor intern uro og fleire terroråtak til at mange valgte andre reisemål. No, nesten eit år etter at myndigheitene beklaga nedskytinga overfor Russland, er det russarar som står for den største auken, og turismen frå Russland er no høgare enn det den var i 2015. Turismen frå Europa går svakt nedover – omlag 2 prosent.

Det ser derimot ut som bunnen er nådd for turismen, i denne omgang.

Tyskland har i fleire år vore blant dei aller største landa på tyrkiske turiststatistikkar. I april er Tyskland òg på topp, og 262 000 tyskarar vitja Tyrkia denne månaden. Det er omlag 20 000 fleire enn i april 2016, men 120 000 færre enn i toppåret 2015.

Utanriksdepartementet sitt reiseråd for Tyrkia gjeld berre grenseområda mot Syria og Irak. Det er fortsatt unntakstilstand i Tyrkia. Den har til no ikkje påverka turistar, anna enn at ein er plikta til å ha pass med seg til alle tider.

Alle tal for 2017 er foreløpige.