På den internasjonale dagen for pressefridom, er det lett å konkludere med at pressefridomen blir stadig smalare i Tyrkia – viss den fortsatt eksisterer, då. 

Pressefridomen er meint å beskytte den kritiske og uavhengige pressa. Majoritetssynet, dei regjeringsvenlege og dei konfliktskye mediene treng ikkje pressefridomen. Det er dei som utfordrar makta, som ser den i korta, og som kritiserer som treng beskyttelse. Ein liberal rettsstat skal forsvare sine argaste kritikarar, og pressa skal ha ein særskilt beskyttelse. Slik er det ikkje i Tyrkia, og i forbindelse med den internasjonale dagen for pressefridom har det blitt starta fleire kampanjar for å rette søkelyset på journalistikken sine kår i Tyrkia.

Dagens situasjon er verken ny eller ukjent. Opposisjonelle har aldri hatt gode kår, og det har ikkje journalistar som har utfordra makta hatt heller. Det er ikkje ei unnskyldning for det som skjer no, og kan ikkje brukast for å bortforklare eller bagatellisere. Det er rett og slett berre sånn det er. Tyrkia i dag er nærare normalsituasjonen sin enn Tyrkia var for berre få år sidan, då pilane peika oppover.

Meir om det her:

Tyrkia tilbake til normalsituasjonen VG.no

Pilane det er snakk om er dei ulike indeksane for, til dømes, pressefridom. I 2002 fekk Tyrkia 58 av 100 poeng på Freedom House si pressefridomskåring, der 0 poeng er best. Dette var det same året AKP vant regjeringsmakta i Tyrkia, som dei har holdt på sidan.

Profilen til Tyrkia viser forverring på alle dei tre hovudkategoriane på indeksen. Freedom House – Freedom of the Press 2017

I 2005 til 2007 kom dei under 50 poeng, og høgdepunktet var den nye presselova frå 2004, som gjorde det vanskelegare å fengsle journalistar. EU-prosessen, der Tyrkia forsøkte å tilnærme seg EU sine medlemskapskrav, bidrog sterkt til den forbetringa Tyrkia opplevde dei første åra under AKP-styre. Tyrkia holdt seg jamnt på omlag 50 poeng fram til 2011-rapporten, då dei falt ned til 54 poeng.

I 2011 var EU-forhandlingane fastlåst, og færre og færre hadde trua på at Tyrkia nokon gong ville komme inn i EU. Reformiveren stilna på vegen. Presset mot kritisk presse auka, og Doğan Group vart anklaga for ei massiv skatteundragelse. Kritikarar meiner at dette var eit dekke for å stilne den kritiske journalistikken. Doğan Group eig blant anna Hürriyet – den største avisa i Tyrkia. Det at den er størst er likevel ikkje veldig relevant, for den er ikkje særlig stor. I januar 2017 skal dei ha hatt eit opplag på 340.000 – i eit land med nær 80 millioner innbyggarar.

I 2013 var det 49 journalistar i tyrkiske fengsel. I dag er talet minimum 89, ifølge Committe to Protect Journalists. Antakeleg er talet ein god del høgare, mest sannynleg omlag 150. Tyrkiske myndigheiter forsvarer seg med at det ikkje er ein einaste som er fengsla for å drive med journalistikk.

Det har dei forsåvidt rett i, men samtidig tar dei feil. Dei som er fengsla, er som oftast skulda for å anten vere medlem av ein terrororganisasjon, eller for å drive med terrorpropaganda. Dette fordi anti-terrorlova har ein svært brei definisjon av terrorisme, som blant anna inkluderer journalistikk.

2013-rapporten var den siste der Tyrkia vart rangert som “Partly Free” kva pressefridom angår. Frå 2014 av står landet oppført som “Not Free”. Ifølge Freedom House står det no mykje dårlegare til enn då AKP først overtok, til tross for den framgangen som var dei første åra. I 2017-rapporten får Tyrkia 71 poeng – mykje høgare enn dei 56 poenga dei vart tildelt i 2002.

Tyrkia er det landet i verda med sterkast tilbakegang på rangeringa i perioden 2012 – 2016. Freedom House – Freedom of the Press 2017

Måten regjeringa handtere Gezi Park-demonstrasjonane, og mediadekninga av den har ein del av skulda. Oppgjeret med Gülen-røyrsla, som vart til ein krig i desember 2013, og førte til militærkuppet i 2016, har òg mykje med fallet å gjere. Mange av journalistane som er arresterte er knytt til denne røyrsla, anten direkte, eller via arbeidsplassen sin, som var eigd av Gülen-røyrsla.

Det siste punktet er oppgjeret med den kurdiske PKK-geriljaen, som er terrorlista av EU. Dette oppgjeret har blitt til ein brei front, der alt som kan oppfattast som å støtte PKK (eller ikkje markere nok avstand til organisasjonen) kan bli trua med nedstenging. Ei rekkje av dei fleire hundre mediehusa som er stengt ned etter kuppforsøket i 2016 hadde ingenting med Gülen å gjere, men var heller knytt til den kurdiske saka.

Freedom House skriv dette om Tyrkia, som dei rangerer som “Not Free”:

More than 150 media outlets—including newspapers, television and radio channels, news agencies, magazines, publishing houses, and news websites—were forcibly shut down and had their assets seized in the months following the coup bid.Freedom House

I årets rapport, om 2016, skriv Freedom House om desse utviklingstrekka, men legg til at det òg har skjedd lovendringar som har aksellerert fallet for tyrkisk mediefridom. Det har blitt mykje enklare for regjeringa å stenge nettsider gjennom internettlova som kom i 2014, spesielt under den unntakstilstanden som eksisterer no. Sjølve unntakstilstanden gjer òg tilhøva vanskelegare for tyrkiske medier.

Til og med Engelli Web, ei nettside som lista opp blokkerte nettsider, har blitt stengt ned. Viss nokon skal kunne påstå at Tyrkia har pressefridom, så må dei påpeike kva frie medier dei snakker om.

Relatert: Fredrik Drevon om pressefridomen i Tyrkia:

Norske medier snakker om at pressefriheten i Tyrkia er under press. Hvilken pressefrihet?Medier24.no