CHP-leiar Kemal Kılıçdaroğlu vert samanlikna med Gandhi, grunna rettsstatsmarsjen frå Ankara til Istanbul. Marsjen kan bli eit kritisk punkt i tyrkisk historie, men CHP-leiaren vert ingen Gandhi. 

Den tyrkiske opposisjonsleiaren har til no lukkast med marsjen sin, og fått mykje merksemd om den fengsla parlamentarikaren Berberoğlu frå samme parti. Han er dømt til 25 års fengsel for spionasje.

Saka var tema på P2-programmet Studio 2 tysdag ettermiddag, der underteikna vart intervjua om saka. Høyr heile innslaget på NRK.no. 

Marsjen har alle moglegheiter til å bli like viktig som, eller viktigare enn, Gezi Park-demonstrasjonane i 2013. Det som starta som ein liten miljøvernaksjon for å verne den vetle parken sentralt i Istanbul mot utbygging, utvikla seg til massive og landsomfattande demonstrasjonar for demokrati og mot den sitjande AKP-regjeringa. Det som utløyste massemønstringa var politiet si bruk av vald mot dei fredlege demonstrantane.

Det blir svært spanande å sjå korleis tyrkisk politi handterar marsjen til Kılıçdaroğlu, som samlar stadig fleire folk, når den kjem inn til Istanbul. Viss den vert møtt med tåregass og vasskanonar, kan mengden folk som tar til gatene igjen eksplodere, og ein kan få ein ny sommar med massive demonstrasjonar mot regjeringa.

Det er absolutt positivt med ein marsj som set rettstryggleik på dagsorden, og Tyrkia treng det. Landet er under unntakstilstand, og oppgjeret etter kuppforsøket i fjor sommar er fullstendig ute av kontroll. Det er likevel eit godt grunnlag for å møte marsjen med ein solid dose skepsis.

For kvar var Kılıçdaroğlu då det pro-kurdiske partiet HDP sine parlamentarikarar vart fråtatt immuniteten sin og straffeforfulgt? Jo, Kılıçdaroğlu og CHP stemte for. Det var først då oppgjeret råka CHP sjølv at han tok affære. Det er mange nyansar som forsvinn når ein skal gjere historiske samanlikningar. Om Kılıçdaroğlu kan bli ein Gandhi veit me ikkje endå. Først må marsjen føre til varig endring, og det skjer neppe så lenge politiet lar den gå vidare. Og så må ein sjå vekk frå opposisjonsleiaren sin ganske så selektive aksjonisme.