I dag går folk til urnene i det kurdiske sjølvstyreområdet i Nord-Irak (KRG). Målet til styresmaktene er sjølvstende frå Irak. 

Resultatet av dagens avstemming er forventa å vere overveldande positiv. Eit klart fleirtal av innbyggjarane i KRG vil nok seie ja til sjølvstende. Det betyr ikkje at det kjem til å skje – i alle høve ikkje på kort sikt. Viss det blir eit fleirtal for å bryte ut av Irak, så vil nok konsekvensen av det vere at KRG går i forhandlingar med Bagdad om sjølvstende. Dagens votering er berre det første steget på vegen, men vil vere ein viktig milepæl likevel. No får heile verda sjå kor stor støtta til sjølvstende er internt i dei kurdisk-kontrollerte områda i Irak, og heile verda får sjå korleis omverda reagerer.

Mahmoud Barzani er president i KRG, og i seg sjølv ein svært omstridt person. Mange meinar at han har samla for mykje makt rundt seg sjølv, og at sjølvstendekampen berre er til for å sementere hans posisjon i den kurdiske historia. Dei siste åra har vore prega av ein intens kamp mot IS, samtidig som at det kurdiske parlamentet har vore suspendert. Barzani sin posisjon virkar ikkje trua, og alt tydar på at hans parti, KDP, vil gjere eit svært godt val neste gong, i motsetning til hovudrivalen PUK. Sistnemnde har vore meir splitta i synet på sjølvstende, og i PUK sin største by – Kirkuk – kan det få alvorlege konsekvensar for partiet. Den oljerike byen er forventa å stemme for sjølvstende.

Vegen til dagens avrøysting har vore lang,  og full av diplomatiske kriser.

Kort tid etter at ei lita gruppering med IS-soldatar sendte heile den irakiske hæren i Mosul på flukt i 2014, konstaterte Barzani at sjølvstende var vegen framover. Han ba då parlamentet legge grunnlaget for sjølvstende, og den avstemminga som skjer i dag. Kampen mot IS tok mykje lenger tid enn Barzani trudde, og han vart stadig meir foraktfull for Bagdad si handtering av den interne krisa i landet. Kampen mot IS er òg grunnen til at det har tatt såpass lang tid å få sjølvstendeavstemminga på plass.

Fritt Kurdistan nært foreståande

I ein lukka sesjon i det kurdiske parlamentet, ba president Barzani om ei lov som opnar for irakisk Kurdistan sin uavhengighet.Tyrkiskpolitikk.no – Juli 2014

Det har heile tida vore knytta stor spaning til korleis Tyrkia ville handtere ei slik avrøysting. I dag har Tyrkia anten stengt eller styrka tryggleiken ved grensestasjonen Habur – den einaste som knyttar dei to områda saman. Meldingane er litt uklare. Tidlegare i veka har dei trua med sanksjonar. Det har òg vore antydningar til at Tyrkia vil gripe inn militært. Ingen land i regionen, med unntak av Israel, støttar KRG si sjølvstende. Tyrkia er likevel eitt av landa med best forhold til den kurdiske regionen, og er KRG si økonomiske livslinje.

KRG er Tyrkia sin tredje største eksportmarknad. Frå 2007 til 2013 vaks eksporten frå Tyrkia til KRG frå $1,4B til $8B. I 2013 var det 1500 tyrkiske selskap som opererte i KRG, opp frå 485 i 2009. I tillegg dominerer Tyrkia som investor i KRG. Og så har ein oljehandelen som går frå kurdisk-kontrollerte oljefelt, via den tyrkiske hamna Ceyhan, og ut i verda. Tyrkia kjøper òg mykje olje frå regionen – til Bagdad si store misnøye.

Sanksjonar mot KRG vil svi hardt for den kurdiske provinsen – men òg for Tyrkia. Mange tyrkiske selskap og arbeidsplassar kan stå i fare viss myndigheitene følgjer opp truslane.

Så, forholdet mellom Tyrkia og KRG er godt, og dei er svært avhengig av kvarandre økonomisk. I tillegg har Tyrkia store problem med regjeringa i Bagdad, som dei ser på som eit protektorat av Iran. Kvifor er dei då mot kurdisk sjølvstende? Den viktigaste delen av svaret finn ein i Syria – og i Tyrkia.

Tyrkia fryktar – meir enn noko anna – at landet deira skal bli splitta opp av separatisme. Heile nasjonsidéen i Tyrkia er bygd på idéen om at muslimar i territoriet er tyrkarar, og etnisk separatisme passar ikkje inn i den nasjonalismen. Ytterleggåande nasjonalistar anerkjenner ikkje at det eingong finst noko som heiter kurdarar i Tyrkia. Før var dette ein heilt vanleg haldning. Dei kalte kurdarane fjelltyrkarar. Nasjonsidéen er til dels henta frå Fritjof Nansen sin idé om korleis ein skulle organisere befolkninga under det osmanske rikets fall. Hans forslag var at kristne skulle flyttast til dagens Hellas, og vere grekarar. Muslimar skulle flyttast til dagens Tyrkia, og vere tyrkarar.  (Les meir om tvangsflyttinga av millionar av menneske i boka Hjemreiser.)

Det bør ikkje vere nødvendig å gå inn på borgarkrigen i Tyrkia, som varte i fire tiår og krevde titusener av menneskeliv, for å forstå problematikken som ligg til grunn her. Sidan 2015 har det vore jamnlege kamphandlingar mellom tyrkisk militære og PKK, og PKK har i tillegg utført ei rekkje terroråtak.

Tyrkia fryktar altså KRG-sjølvstende fordi dei har PKK i Tyrkia (og deira søsterorganisasjon PYD i Syria). Barzani kritiserer jamnleg både PKK og PYD, og har ved fleire høve legitimert tyrkiske luftåtak mot KRG sitt territorium, fordi målet var PKK. Det er altså to svært ulike sider her, med KRG og Tyrkia på den eine, og PKK og PYD på den andre. Det er grunn til å tru at Tyrkia ville vore meir positiv til sjølvstende for kurdarane i Nord-Irak, viss situasjonen med PKK og PYD hadde vore ein annan. Dei fryktar nok ein spillover-effekt, og nye krav om sjølvstende i Tyrkia.

Eit moment som har gått fullstendig under radaren i vesten, i krigen mot IS, er kva kampane betyr for demografien i Irak og Syria. Eitt av Tyrkia sine argument mot ein etnisk kurdisk stat i dagens Nord-Irak er at det ikkje berre finst kurdarar der. Tyrkia er spesielt opptatt av turkmenarane som bur der. Det er god grunn til å frykte ei balkanisering av Irak og Syria, som følgje av krigane, der etnisitet blir tett knytt opp til dei nye maktstrukturane. Slike er vanskelege å riste av seg seinare.

Kurdisk ExitGjestekommentar i BT

Oppdatering 23:00

Innbyggjarane i KRG ser ut til å gå for sjølvstende med overveldande fleirtal. Under 10 % av stemmene er talt opp.