Turistane er godt på veg til å gjenoppdage Tyrkia som feriemål, skriv E24.no. Turismen har auka 7 månadar på rad, samanlikna med fjoråret. 

Heilt sidan august 2015 har turismen slitt i bratt nedoverbakke i Tyrkia. Då hadde Tyrkia allereie vore utsatt for fleire terroråtak, og seinare den hausten skaut Tyrkia ned eit russisk jagarfly. Sommaren 2016 vart landet utsett for eit kuppforsøk. Først i april 2017 begynte turismen å auke igjen, og sidan den gong har landet tatt imot fleire turistar enn same månad året før.

Norske reiseselskap seier til E24 at bunnen truleg er nådd i 2017, og at dei merkar at bestillingane aukar for 2018. 

Ifølge offisiell tyrkisk statistikk er det fortsatt færre nordmenn som vitjar Tyrkia enn tidlegare år. Fire av årets ti registrerte månader viser ein bråare prosentvis nedgang av norske turistar enn det ein hadde året før. Frå og med juni har fallet i turistar vore lågare enn året før. Det kan tyde på at bunnen no vert nådd. Av kvar 10.000. turist som vitja Tyrkia, har 37 av dei vore nordmenn i 2017. I 2016 var andelen tilsvarande 65 per 10.000, medan det i 2015 var 82.

Det er Russland som no ligg på turisttoppen, etter å ha overtatt for Tyskland i 2016. Det er nesten dobbelt så mange russiske turistar i Tyrkia dei 10 første månadane i 2017, samanlikna med same tid i 2015 – altså før jagarflyet vart skutt ned. Doblinga har skjedd dei siste 12 månadane.