Etter at MHP-leiar Devlet Bahçeli annonserte at han ikkje kom til å stille som presidentkandidat i 2019, er det igjen snakk om at regjeringa vil utlyse nyval allereie i år.

Etter planen skal det vere eit kombinert president- og parliamentsval i november 2019. Dei siste månadane har det vore sterke rykte om at Erdoğan vil utlyse nyval 15. juli, 2018. Det er toårsdagen for kuppforsøket i 2016. Det var venta at MHP ikkje ville stille med ein eigen kandidat i dette valet. I 2014, då Erdoğan vart valgt, stilte MHP seg bak ein kandidat saman med det største opposisjonspartiet CHP. No, derimot, skal MHP støtte Erdoğan.

MHP har ikkje sterke sjansar til å overleve det neste parlamentsvalet. Etter at Erdoğan tok ein meir nasjonalistisk tone, og utbrytarar frå MHP starta İYİ i 2017, har pilane peikt brått nedover for Bahçeli og hans parti. Alliansen mellom Bahçeli sitt MHP og Erdoğan sitt AKP vil sementere sistnemnde sin nasjonalistiske posisjon. Viss Bahçeli skal ha noko uttelling for samarbeidet, bør det bære frukter snart. Sjansen for nyval har auka.