Elleve parti stiller til val, journalistar er dømt til fengsel, og Tyrkia kan få ein presidentkandidat som stiller til val frå innsida av fengselsmurane.

Då nyvalet vart erklært, herska det tvil om Meral Akşeners nye parti, İYİ, kunne stille til val. Det har valkommisjonen no avklart at dei kan.

Totalt elleve parti er godkjent for å stille til parlamentsvalet. Det er foreløpig uklart kor mange som stiller til presidentvalet.

Følg meiningsmåligane fram mot valdagen.Les meir.

Europarådet er uroa over nyvalet, og meiner at det bør utsetjast. Dei viser til at reglane for korleis valet skal gjennomførast ikkje var klar då nyvalet vart erklært, og at den korte tida gjer det vanskelegare å gjennomføre eit fritt og rettferdig val.

President Erdoğan meiner at Europarådet bør passe sine eigne saker.

«Tyrkiske veljarar skal gå til valurnene for sjette gong på fire år, om berre to månader. President Erdoğan annonserte nyvalet på ein pressekonferanse 18. april.»Tyrkiskpolitikk.no

Under valkampen for den nye grunnlova i 2017, vart det store gnissingar mellom Tyrkia og fleire europeiske land. Det toppa seg då tyrkiske politikarar ville drive valkamp i Nederland, noko som enda i ei djup, diplomatisk krise.

No signaliserer Erdoğan at han vil drive valkamp i Europa igjen. Då er det godt mogeleg at konflikten frå 2017 blussar opp igjen. Først ut er Sarajevo, hovudstaden i Bosnia-Hercegovina.

«Tulipankrisa» mellom Nederland og Tyrkia er eit grelt eksempel kor ille det kan gå når heile planen er å setje hardt mot hardt.VG: Absurddiplomati nær stupet

Onsdag kveld kom dommen i saka mot journalistar i avisa Cumhuriyet. Blant dei dømte er sjefredaktør Murat Sabuncu. Han vart pålagt ein dom på 7,5 års fengsel. Av dei 17 tiltalte, vart tre personar frikjent. Den eine av dei var styreleiar i avisa, Akın Atalay.

Ahmet Şık, som tidlegare har vore fengsla etter avsløringar av Gülen-nettverket, vart dømt til 7,5 års fengsel. Skuldingane gjekk på at han var ein gülenist. BBCs Tyrkia-korrespondent Mark Lowen skriv på Twitter at det er ein av ei rekkje absurditetar i rettssaka.

Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSCE), fordømmer fengslinga. Dei dømte har anka avgjerda. Dagen før dommen, kom Reportere uten grenser (RSF) med ein ny rapport om pressefridom. Dei plasserer Tyrkia på 157.-plass, ned to plassar sidan 2017.

Skjermdump: RSF.org

Regjeringspartiet AKP annonserte i februar ein valallianse med det høgrenasjonalistiske partiet MHP. Det gjer at MHP kan bli representert i parlamentet, sjølv om dei ikkje passerer sperregrensa på ti prosent. Fleire andre parti vurderer no liknande alliansar.

Tidlegare i veka overførte CHP 15 parlamentsmedlemmer til İYİ, slik at dei kunne ta imot offentleg støtte, og stille som eit etablert parti. Det er foreløpig lite sannsynleg at dei to partia vil inngå ein allianse.

Opposisjonen arbeider òg med å fremje presidentkandidatar som samla sett kan mobilisere nok veljarar til å hindre Erdoğan i å vinne den første valomgangen. For å klare det, må Erdoğan få meir enn 50 prosent av stemmene.

Den tidlegare AKP-presidenten Abdullah Gül, er omsverma av mange rykte. Ifølgje rykta som vart omtalt på Haberturk TV, er det snakk om at så mange som 50 AKP-representantar vil gå over til det islamistiske høgrepartiet Saadet, viss Gül stiller som deira presidentkandidat.

Gül har òg vore knytt til sentrum-venstrepartiet CHP, men akkurat det er lite truleg.

Det prokurdiske venstrepartiet HDPs tidlegare leiar, Selahattin Demirtaş, var partiets presidentkandidat i 2014. Han sit no fengsla, men er forventa å erklære sitt kandidatur til årets presidentval.

Demirtaş kan neppe vinne mot Erdoğan, men han kan bidra med å løfte HDP i parlamentsvalet. Ein populær HDP-kandidat kan òg bidra gjere det vanskelegare for Erdoğan å vinne presidentvalet i første valomgang.