Tyrkiske meiningsmålingar er ikkje dei mest treffsikre. Det er stor variasjon mellom dei ulike byråa. I løpet av valkampen, kan du følgje utviklinga på målingane her. I tillegg vil det bli publisert løypemeldingar som vurderer målingane meir inngåande.

  • Denne artikkelen inneheld nokre grafar som ikkje er optimale å lese på mobiltelefon.

I 2015 vart det arrangert to parlamentsval. I det første oppnådde ikkje AKP reint fleirtal, og då det ikkje lukkast å skape ei fleirtalsregjering, lyste Erdoğan ut nyval. Der gjorde AKP det betre, og vann tilbake det reine fleirtalet. I mellomtida vart våpenkvila mellom tyrkiske styresmakter og terrorgruppa PKK brutt. Erdoğan brukte dette til å samle støtte rundt sitt parti.

Her kan du sjå valresultata vart i 2015, både nasjonalt og i dei fem største provinsane.


Meiningsmålingane er delt i tre: Den eine gruppa av målingar er til parlamentsvalet, medan dei to andre er til høvevis første og andre runde i presidentvalet. Partimålingar vert ikkje tatt med i utvalet som vert presentert her.

Nokre målingar inkluderer MHP som eit separat parti, medan andre inkluderer MHPs tal i AKP si oppslutning. Frå og med 1. mai er det lagt til to alliansar. AKP-MHP er erklært for lenge sidan, men først no er det vanleg at institutta spør om denne alliansen. Samtidig er det annonsert ein allianse mellom CHP, İYİ, Saadet Partisi (SP) og Demokrat Parti (DP). I bunnen av artikkelen ligg ei partioversikt som forklarar alliansane.

Parti- og allianseoversikt per 4. mai