Tyrkiske veljarar skal gå til valurnene for sjette gong på fire år, om berre to månader. President Erdoğan annonserte nyvalet på ein pressekonferanse 18. april.

Etter planen, skulle Tyrkia arrangere sitt første kombinerte parlaments- og presidentsval i november 2019, men etter lang tids spekulasjon, kom nyheiten om at valet vil skje i år. Nyvalet signaliserer at Erdoğan ikkje er sikker på at han vil vinne valet til neste år.

Grunnen til det, er nok dårlegare økonomiske utsikter, samt ein mogeleg langvarig (og kanskje meir upopulært) militær intervensjon i Syria.

«Tyrkia blir ikkje nødvendigvis meir demokratisk sjølv om Erdogan skulle tape valet.»BT.no: To nasjonalistar kjempar om makta i Tyrkia

Årets presidentval blir andre gong veljarane skal bestemme kven som skal bli president i Tyrkia. Tidlegare var det parlamentet som valgte presidenten. Det vart det slutt på etter president Gül vart vald i 2007, då militæret truga med å kuppe makta.

Då militæret ikkje fulgte opp trugsmålet sitt, brukte Güls (og Erdoğans) parti AKP moglegheita til å gjere utrenskingar i militæret. Samtidig bana dei vegen for den mektige presidentrolla som den nye grunnlova legg opp til, ved å gjere presidentembetet til eit folkevald verv.

Recep Tayyip Erdoğan (AKP) er favoritt til å vinne presidentvalet. Han vart president i 2014, etter å ha vore statsminister sidan 2003. Partiet han var med å grunnleggje, har styrt Tyrkia med reint fleirtal sidan parlamentsvalet i 2002. Det einaste unntaket er dei få månadane mellom vala i juni og november 2015.

Erdoğans viktigaste politiske bodskap dei siste åra, har vore at han representerer folkeviljen. Han har jobba hardt for å samle mest mogeleg makt på sine eigne hender. Han krona verket ved å vinne den overraskande jamne folkeavstemminga i april 2017, der grunnlova vart reformert.

Meral Akşener (İYİ) er Erdoğans sterkaste utfordrar. Ho starta partiet sitt i fjor haust, etter å ha brutt ut frå det høgrenasjonalistiske partiet MHP. MHP har på si side inngått i ein valallianse med AKP. Akşener var i eit knapt år innanriksminister i Erbakan-regjeringa på 90-talet.

Den tyrkiske nasjonalforsamlinga er venta å få ei mindre rolle etter valet, spesielt viss Erdoğan vinn presidentvalet og AKP vinn parlamentsvalet.

Den nye grunnlova har avgrensa det parlamentariske demokratiet til ein viss grad, men viss det skulle ende opp med ulike sigerherrar i dei to vala, kan parlamentet få ei reell rolle framover òg. Alliansen mellom MHP og AKP gjer at sperregrensa på ti prosent ikkje betyr noko for MHP. Det er foreløpig uklart om dei tre andre partia som er representert i parlamentet vil inngå alliansar.

İYİ-partiet har fått 15 parlamentarikarar frå CHP, noko som gjer at dei har ei fungerande partigruppe i nasjonalforsamlinga. Det betyr at Akşener mest sannsynleg ikkje treng 100.000 signaturar for å stille som presidentkandidat. Partiet hennar vil òg få offentleg partistøtte til valkampen.

Det var ikkje utbrytarar frå CHP, men ein avtale mellom dei to partia. Akşener er den einaste kandidaten som kan utfordre Erdoğan i ein eventuell andre valomgang i presidentvalet.

Det er nok òg viktig for opposisjonen at det kjem eit opposisjonsparti i parlamentet som går etter dei same type veljarane som AKP gjer: religiøst konservative og nasjonalistar.

I tida fram mot valet, vil det kome jamnlege oppdateringar på tyrkiskpolitikk.no, inkludert meiningsmålingar. Morten Myksvoll, som står bak denne sida, er òg kommentator i Bergens Tidende. Nokre av oppdateringane framover vil vere kommentarar i avisa.