Søndag arrangerer Tyrkia sitt første kombinerte president- og parlamentsval. Her er dei viktigaste tinga å følgje med på denne valkvelden.

  • Istanbul og Ankara. Erdoğan tapte desse byane i fjorårets grunnlovsavstemming. Det var like før det førte til tap nasjonalt.
  • HDP. Det pro-kurdiske partiet står utanfor dei to store alliansane, og må difor klare sperregrensa på eige hand. Viss dei kjem over grensa på ti prosent, blir det mykje vanskelegare for AKP-MHP å få fleirtal i parlamentet. Det er i dei sør-austlege provinsane HDP gjer det godt. Diyarbakır og Van er gode indikatorar på korleis HDP gjer det.

Følg med på valet på direktebloggen til Tyrkiskpolitikk.no.

  • MHP. Det tidlegare opposisjonspartiet er no støtteparti for AKP og Erdoğan. I fjorårets grunnlovsavstemming, klarte ikkje MHP å mobilisere sine veljarar for ja-sida. AKP-MHP-alliansen er nok uroa for at det same skjer i år.
  • Sterke nasjonalistiske provinsar, som Erzincan og Konya. Her vert det interessant å sjå korleis AKP-MHP gjer det mot tidlegare val. İYİ-partiet braut ut frå MHP før dette valet, og kan ta nasjonalistiske stemmer til opposisjonens allianse.
  • Erdoğans oppslutning samanlikna med AKP-MHP. Får han fleire eller færre stemmer enn alliansen sin i parlamentsvalet? Og klarar han å vinne i første runde? Viss ikkje blir det ein andre runde 8. juli.
  • Kven blir nummer to? Då nyvalet vart annonsert, var İYİ-kandidaten Akşener favoritt til å komme på andre plass i presidentvalet. I løpet av valkampen har CHPs kandidat Muharrem İnce etablert seg som det mest sannsynlige alternativet til Erdoğan. Han har nok òg større sjanse til å samle opposisjonen i andre runde. Akşener har ein del politisk bagasje frå hennar tid som innanriksminister på 90-talet, spesielt hjå den kurdiske befolkninga.
  • Korleis går valet føre seg? Tyrkiske val har vore gode sidan fleirpartisystemet vart innført i 1946. Men i sist val, grunnlovsavstemminga i 2017, var det ein del problem med gjennomføringa. I løpet av valdagen endra valgkommisjonen reglane, og tillot opptellinga av ustempla valsetlar. Det fekk opposisjonen til å anklage staten for valjuks, men det fekk ikkje nokre konsekvensar.

Det vert sett opp ein direkteblogg der du kan følgje opptellinga 24. juni.