Om Tyrkiskpolitikk.no

For dei aller fleste nordmenn, er Tyrkia sol, strender og all-inclusive charterreiser. Det er likevel så mykje meir enn som så.

Som hovudsete for to av verdshistoria sine store imperier, og med ein geopolitisk posisjon midt mellom Europa og Midt-Austen, har landet ekstremt mykje å by på for dei kultur-, historie- og politikkengasjerte blant oss. Det skjer òg vanvittig mykje interessant i landet, som burde vere meir interessant for oss som elskar å fylle opp strendene deira.

Tyrkisk valg på NRK Urix, 4, juni 2015.
Tyrkisk valg på NRK Urix, 4, juni 2015.

Min fascinasjon for Tyrkia er stor, og aukar etter meir eg lærer om landet. Denne nettstaden er ein måte å kanalisere det engasjementet. Nettstaden vart starta i juni 2014. Eg har deltatt i nyhetssendingar på TV2, i Urix og Dagsnytt 18 på NRK, og eg har skrive fleire gongar om landet i Bergens Tidende. Sjå meir her.

Det som starta som eit hobbyprosjekt for å lære meir om Tyrkia har altså utvikla seg kraftig. Viss du ønskjer å støtte nettstaden direkte, så kan du bruke DNB sin mobilapp – Vipps – for overføring til telefonnummer 99 31 48 25. 

Morten Myksvoll,
Redaktør

Ta kontakt: 

E-post: post(a)tyrkiskpolitikk.no
Telefon: 99 31 48 25
Facebook

Tyrkiskpolitikk.no vert driven under organisasjonsnummer 915 632 874. 


4 comments

  1. Arve Kjell Uthaug

    Hei,
    Ein veldig spennande nettstad. Her vil eg gå inn og lesa meir. Men du bør leggja inn ein kort presentasjon av kven du er, og skriva litt om korleis du arbeider med tyrkisk politikk.
    Lukke til med nettstaden!
    Venleg helsing
    Arve Kjell Uthaug

    1. Morten Myksvoll

      Hei, og takk for tilbakemelding. Kvar artikkel har no ein liten del om kven som står bak den.

  2. Vegard Gjuvsland

    Bra side du har laget!
    Er det noe mer informasjon om rettsaken etter gruveulykka i Soma? Få om noen norske medier skriver om det. Hvis mange av de mistenkte går fri, kan det bli skikkelig bråk i gruvebyene.

    1. Morten Myksvoll

      Hei, og takk for det! Eg kan følgje opp den saka.

Comments are closed.